Store Trolltind 1788 moh, Trollveggen, Romsdalen

I går var vi ein heil gjeng som hadde som mål å komme oss opp på toppen av Store Trolltind, 1788 meter over Romsdalen og på toppen av Trollveggen. Frå Romsdalen er Trollveggen for klatrarar, men frå Trollstigen er Trollveggen for vanlege fotturistar.

Vi la avgarde med godt mot og klar for store opplevingar. Første del av turen er på sti opp lia til Stigbotnen. Derifrå er det for det meste urd, med så innslag av sti før ein kjem til Frokostplassen. Vi tok ein rast i urda før Frokostplassen, viktig å fylle på med energi til den lange turen.


Finnan, Bispen, Kongen og Dronninga


Godt å få sjå Trollveggen dukke opp bak urda.

18 år sidan sist eg var her, ska bli stas å stå på toppen igjen!
Dokumentasjon er alfa omega på slike turar!
Rett før frokostplassen.

Så bars det vidare mot toppen. Vi gjekk litt feil og kom litt for høgt opp, og måtte derfor knøle litt over store steinblokker før vi kom oss på rett spor igjen. Men stemninga var god, og etter ein matpause til og på smal sti, var vi på Bruraskaret.



Store steinblokker kom vi borti med litt feil vegval...
...men stemninga var upåklageleg!


Heile gjengen samla!
Sa mykje "jeksel-lufting" som ho i raudt kalla det!!

Hylle på hylle!

Fantastisk utsikt og luftig! Ikkje alle var like begeistra for luftigheita, medan andre var særs begeistra. Etter obligatorisk fotografering, var vi klare for innspurten til toppen.



Fin plass å nyte utsikta på!

Vengetindan, Kvanndalstind og Romsdalshorn
Alle figurane på ei hylle!

Eit par vanskeleg punkt og drøye halvtimen seinare var vi på toppen og kunne nyte utsikta! Alle var strålande fornøgd med å ha kome seg opp, nokre hadde nok sprengt nokre grenser!



På toppen!

Adelsbreen og Åndalsnes bak
Heile gjengen på toppen!
Soon to be Fjelldronning!
Fikk bruk for t-skjorta frå 2012!

Skodde utafor






Etter matpause og fotografering sette vi nasen ned igjen.










 Vi måtte såklart ha ein ny fotorunde i Bruraskaret på returen!!



Ikkje alle ville sjå utom kanten!





Det vart ein lang tur tilbake til bilen, og i det vi bikka ned mot Stigbotnen kom skodda rullande og det vart dårlig med sikt. Men stien er godt merka så vi fann vegen og kom tilbake til bilen i mørke.










Ein fantastisk tur og triveleg turfølge gjorde dagen super!
Takk for turen alle saman!
Og, ja, det er ein panoramatopp- men har den frå før!!

Ruteomtale finn du her.

Kommentarer