Innlegg

Viser innlegg med etiketten Fjelldronning

Panoramajakta held fram; Store Vengetind 1852 moh

Bilde
Sidan eg for første gong flytta til Molde midt på 90-talet har eg sett på Store Vengetind, det høgste og mest alpine fjellmassiv i Romsdalen. Endeleg kom dagen kor eg kom meg opp dit! Anita og Vidar ville stille som guidar og ta med Benthe og meg til toppen. Eg på jakt etter "toppen av Romsdalen" og ein panoramatopp, Benthe på jakt etter toppar for å bli fjelldronning. Med godt mot la vi avgarde oppover motbakken, og ja, fjellet er ein skikkeleg lang motbakke! Starten av turen gjekk på fin sti før vi kom så høgt opp at alt berre var stein. Vi skulle gå normalruta, og grusen og steinen vart lausare og lausare jo lengre opp i renna vi kom. Men, med fin fart og mykje skitprat så gjekk høgdemetra unna. Utsikta på veg oppover var det heller ikkje noko å seie på, fri sikt mot Trollveggen, Romsdalshorn, Blånebba og fjella innover i Isfjorden. Romsdalshorn, Trollveggen, Blånebba og Vengedalen Godt humør i motbakken! Nokon er meir opptatt av å pose enn andre!! ...

Panoramajakta held fram; Dronninga 1544 moh, Rauma

Bilde
I fleire år har eg hatt lyst til å kome meg opp på Dronninga. Har fleire gonger stått på Kongen og sett ned, så nær men likevel så langt unna. For eit par veker sidan bestemte Benthe og eg oss for å prøve oss på Dronninga. Vi bestemte oss for å gå frå Innfjorden og då blir turen nesten 1500 høgdemeter. Istaden for å ta heile turen i eitt, gjekk vi dagen før opp til Haugabottsvatnet.  For å kome til start køyrer ein til Innfjorden, tek av mot Bøstølen og så til venstre kor det er skilta mot Vikdalen. Etter eit gardstun startar bomveg, og det er berre å følgje denne til parkeringsplass. Frå parkeringa er det omlag 500 høgdemeter opp til vatnet.  Det var ein varm ettermiddag og motbakken var bratt, knappe 300 høgdemeter går på skogsveg før det går over i godt merka sti fram til vatnet. Vel oppe var vi skumsvette og lettare kokte, så etter å ha sett opp telta var det tid for eit bad av den iskalde typen! Snøsmeltinga er ikkje ferdig i fjellet så det var iskaldt, men ut...