Panoramajakta held fram; Dronninga 1544 moh, Rauma


I fleire år har eg hatt lyst til å kome meg opp på Dronninga. Har fleire gonger stått på Kongen og sett ned, så nær men likevel så langt unna. For eit par veker sidan bestemte Benthe og eg oss for å prøve oss på Dronninga. Vi bestemte oss for å gå frå Innfjorden og då blir turen nesten 1500 høgdemeter. Istaden for å ta heile turen i eitt, gjekk vi dagen før opp til Haugabottsvatnet. 

For å kome til start køyrer ein til Innfjorden, tek av mot Bøstølen og så til venstre kor det er skilta mot Vikdalen. Etter eit gardstun startar bomveg, og det er berre å følgje denne til parkeringsplass. Frå parkeringa er det omlag 500 høgdemeter opp til vatnet. 

Det var ein varm ettermiddag og motbakken var bratt, knappe 300 høgdemeter går på skogsveg før det går over i godt merka sti fram til vatnet. Vel oppe var vi skumsvette og lettare kokte, så etter å ha sett opp telta var det tid for eit bad av den iskalde typen! Snøsmeltinga er ikkje ferdig i fjellet så det var iskaldt, men utruleg forfriskande - etterpå!


Ved Haugabottsvatnet med Dronninga i bakgrunnen
Så var det å nyte ein betre middag og sjå opp mot toppen vi forhåpentlegvis skulle komme oss til dagen etter. Delar av turlaget angra bittert på at fiskestonga vart lagt igjen i bilen. Det hoppa og spratt både seint og tidleg. Tenk kor godt det hadde vore med stekt aure til kvelds.... Skal ikkje skje igjen!

På avstand ser det ut til at det ikkje er mogleg for folk å ferdast i det bratte terrenget. Men erfaring viser at ting kan sjå umogleg ut på avstand, men det opnar seg opp og er ikkje problematisk terreng etterkvart som ein går. Yr hadde lova rett så fint ver, så det var berre å legge seg og satse på stor sol dagen etter.




Neste morgon var det IKKJE stor sol som lova, men smågrått. Etter ein lang og god frokost var vi klare for dagens oppgåve. Frå Haugabottsvatnet går det sti på venstre side av bekken som kjem ned mellom Karihaugen og Karitind.


Karitind til venstre og Dronninga til høgre
Det er bratt stigning opp til skaret mellom toppane men høgdemetra går kjapt unna. Oppe i skaret går stien vidare opp på ryggen til Karitind. Oppe på ryggen var det endeleg skikkeleg utsikt og det eine fjellet etter det andre dukka opp. Vi hadde drista oss til å starte i shorts og t-skjorte, men oppe på ryggen var det rett så frisk vind og jakka måtte desverre på.
Snart oppe på Karitind
Kan ikkje klage på utsikta på turen - i nokon retning!

På toppen av Karitinden
Frå toppen av Karitind må ein ned knappe 200 høgdemeter før ein kan begynne på stigninga opp mot Dronninga. Det var på tide med påfyll, så vi tok lunsj i skaret - i sol! Men før pausen var over var det berre å krype til korset og ta på buksa. Full av nye krefter la vi i veg mot Dronninga. Stien følgjer ryggen og er både godt synleg og varda. 
Første del av ryggen


Etterkvart blir stien mindre synleg men er for det meste varda. Det kan av og til vere vanskeleg å sjå neste varde, men det var berre å ha augene med seg så gjekk det bra. Måtte fleire gonger stoppe og beundre dei spektakulære omgjevnadane!


Benthe klyv med flott utsikt til Finnan og Titindan

Vi følgde ryggen til den tok slutt og ein startar på turen på tvers av renner og rundt ryggar. Hvis eg ikkje huska feil så var det vel 4 slike "rundar". Stien er her også av og til tydeleg, plutseleg borte, dukkar opp igjen...ein del varding, men vanskeleg å sjå så vi brukte av og til litt tid på å finne neste punkt.

Store Trolltind midt i biletet
Stein på stein!





Det kan vere litt vanskeleg å finne ut kva renne ein skal opp i. Vi var litt overivrige og tok ei av dei første, så det var berre å returnere ned igjen og halde fram. Det er også litt vanskeleg å sjå kva som er den høgste toppen der nede frå. Men når ein kjenner lukta av ein ny panoramatopp går ein til ein slutt står på den rette toppen!!


Før vi tok turen hadde eg googla og lest turbøker, og omtrent alle stadar stod det at den siste biten kunne vere litt vanskeleg og at det var anbefalt å sikre. Eg vart nesten "skuffa" når vi var klar for dei siste 30 metra. Dersom du er litt fjellvant og ikkje har noko mot å klyve i stein, så er det ikkje vanskeleg å kome seg opp. Det var eit par meter som var litt meir utfordrande enn resten, men tek ein seg tid til å sjå, så er det gode tak både for armar og bein. 

Så, plutseleg var vi på toppen!! Og for ei utsikt!



To glade vandrarar!

Den "berømte" vippesteinen
Otrøya, Gossen og Molde i bakgrunn
Isterdalen
Tilbakeblikk på turen
Som ved eit under så kom sola tilbake igjen rett før vi nådde toppen, og da berre måtte vi ta oss ein god matpause ved toppvarden. Utruleg kor godt småtørr mat smakar på fjellet, for ikkje å snakke om kaffen! Etter å ha nytt utsikta vel og lenge, var det på tide å sette kursen ned igjen.

Vi følgde same rute ned til vi kom til skaret mellom Dronninga og Karitinden. Der startar det ein sti som i starten er godt varda, som ender opp nede ved vatnet igjen. Etter ei stund så vart stien meir eller mindre "borte", kanskje var det vi som ikkje følgde godt nok med eller så vart den plutseleg til fleire mindre stiar. Men, dersom ein held seg ovanfor dei store områda med sva så er det ingen problem å krysse seg bortover til ein kjem ned igjen. Var ganske høg skråningsulvfaktor ei stund og det var ikkje fritt for at lår og kne hadde "fått det"!

Det var godt å kome ned til telta og få litt pause. Vi åt middag og tok ein liten cowboy-strekk før vi pakka saman og tok siste etappe ned til bygda igjen. Det var to par føt som var relativt møre når vi kom ned til bilen igjen, men alle var einige i at det hadde vore ein kjempefin tur!

På tur ned til bygda igjen.
Benthe skal bli Fjelldronning og tok ein ny skalp, sjølv kan eg krysse ut topp nr. 155! 
Takk for ein super tur Benthe!




Kommentarer

Legg inn en kommentar