Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2012

Break of day!

Bilde
I dag tidleg var eg ute å jakta på lyset!

Fjelltur og juleavslutning!

Bilde
I går tok eg turen til Røssholfjellet i Fræna. Parkerte rett etter Tustentunell-bommen og gjekk langs skogsveg til eg kom til skilt som viste vegen til Røssholfjellet. Føret var ikkje det beste nede i lia, litt snø oppå blankis...så det tok på tida før eg kom meg over skoggrensa og snøen bortimot var borte. På veg opp kunne eg nyte at sola kom opp over fjella i Romsdalen, rett og slett magisk! Og på den andre sida var det storslagen utsikt mot Gossen, Bud og Trolltindane. Med den utsikta så var plutseleg den knotete vegen opp glemt! Etter fjellturen henta eg to små i Fræna som var klar for juletrepynting og "juleavslutning"! Vi pynta juletreet og serverte potetball med pinnekjøtt til gjestane på juleavslutninga, litt julesteming er på veg!

Ein nydeleg dag!

Bilde

WinterWonderLand

Bilde
Det har vore nokre veker med veldig fint og kald ver, og ser ein seg godt om når ein er ute på tur, er det litt av kvart og finne!

Ein fantastisk dag! Skøyter på Røa, Skåla

Bilde
Har vore fleire turar på og ved Røa på Skåla tidlegare, både til fots, på isen og på sykkel. Dette er rett og slett ei perle! Idag har eg hatt ein av mine finaste skøyteturar nokon sinne! 10 km med buktande elv og fin is, begrip ikkje at det ikkje var fleire der! Røa har svært lite fall og egnar seg derfor særleg godt til skøytetur no etter ein lengre kuldeperiode. Isen var for det meste fin, eit og anna tre låg på tvers og måtte forserast, og eit lite stykke må ein ut av elva og på land. Dette er i området rundt Fossen, som det står merka på kartet. Det er også mange fine plassar for rast og bålbrenning langs elva. Det er berre å få på seg skøytene og komme seg til Skåla. Film frå turen finn du HER.