Innlegg

Viser innlegg med etiketten Kongen

Panoramajakta held fram; Dronninga 1544 moh, Rauma

Bilde
I fleire år har eg hatt lyst til å kome meg opp på Dronninga. Har fleire gonger stått på Kongen og sett ned, så nær men likevel så langt unna. For eit par veker sidan bestemte Benthe og eg oss for å prøve oss på Dronninga. Vi bestemte oss for å gå frå Innfjorden og då blir turen nesten 1500 høgdemeter. Istaden for å ta heile turen i eitt, gjekk vi dagen før opp til Haugabottsvatnet.  For å kome til start køyrer ein til Innfjorden, tek av mot Bøstølen og så til venstre kor det er skilta mot Vikdalen. Etter eit gardstun startar bomveg, og det er berre å følgje denne til parkeringsplass. Frå parkeringa er det omlag 500 høgdemeter opp til vatnet.  Det var ein varm ettermiddag og motbakken var bratt, knappe 300 høgdemeter går på skogsveg før det går over i godt merka sti fram til vatnet. Vel oppe var vi skumsvette og lettare kokte, så etter å ha sett opp telta var det tid for eit bad av den iskalde typen! Snøsmeltinga er ikkje ferdig i fjellet så det var iskaldt, men ut...

Panoramajakta held fram; Titindan 1460 moh og 1422 moh, Trollstigen, Rauma

Bilde
Ferien har vore rett så nitrist vermessig sett, så eg har vore ein over snittet ivrig besøkande på yr.no i håp om betre tider. Plutseleg såg det ikkje så verst ut ei vekes tid, så eg pakka inn i den lånte bobilen og sette kursen mot Trollstigen. Det var alt anna enn fint ver den kvelden eg kom opp dit med grauttjukk skodde og pissregn. Men utover kvelden lysna det opp og eg fekk trua. Og gjett om det vart fint ver! Eg vakna til ein strålande morgon på Alnesreset, Sol frå blå himmel og 5 plussgrader. Dagens mål var Titindan som ligg i "Finnan-massivet", mellom sjølve Finnan og Kongen og Dronninga. Her er kart over ruta: Det er ein forholdsvis kort tur og ei enkel rute. Start er parkeringsplassen på Trollstigen, så langs sti opp til Bispevatnet. Bispevatnet Turen vidare går langs vatnet og den merka stien til Bispen og Kongen. I det stien til Kongen og Bispen begynner å svinge inn mot skaret mellom dei to, så skal ein setje kurs rett fram og inn mot sk...