Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2015

Panoramajakta held fram; sommarskitur til Rangåhøgda 1768 moh, Sandgrovbotn

Bilde
Vakna til grauttjukk skodde, men såg at sola ikkje var så langt unna, og kunne nyte ein kaffekopp medan eg venta. Det vart ein nydeleg morgon! Dagens turmål til venstre Gårsdagens topp - Sandgrovegga Dagens plan var skitur til Rangåhøgda, og etter ein betre frokost pakka eg saman og køyrde vidare innover dalen. Før eg starta turen køyrde eg vegen til endes for å sjå innover Mardalsbotnen. Mardalsbotnen Frå vegen tok det meg 25 minutt med skia på sekken i flatt terreng før eg fann skiføre. Da var det berre å sette igjen joggeskoa og på med skiskoa. Rangåhøgda er fjellet til venstre, til høgre er ein av fire toppar med namnet Midthøin. Under er ruta mi innteikna. Første stigning unnagjort. Det hadde vore folk her nokre dagar før meg, så svake skispor var synlege. Men uansett om eg hadde spor å gå etter, så gav ruta seg sjølv, ikkje mogleg å gå feil her. Det var skikkeleg shortsføre og for min del årets første (og siste?) sommarskitur!?!

Panoramajakta held fram i Sandgrovbotn; Sandgrovegga 1742 moh

Bilde
Yr meldte om moglegheiter for oppholds og til dels pent ver, så her var det ingen tid å miste. Hadde tenkt meg ein tur til Trollstigen for å gå på Titindan, to toppar som ligg på "Finnan-massivet". Men då eg kom dit hang skodda lågt og det regna, så etter å ha venta på betre ver ei lita stund stakk eg derifrå og sette kursen mot Sandgrovbotn. Sandgrovbotn ligg mellom Romsdalen og Eikesdalen og dit kjem du ved å køyre nesten til Bjorli og ta av til Brude, og ta så av til høgre i det einaste "vegkrysset" du møter. Då er det 25 km med fin grusveg heilt inn til Nedste Mardalsvatnet og det er gratis å køyre der. Det er ein del panoramatoppar i området og i og med at det var litt sein ankomst så bestemte eg meg for å ta den første og raskaste eg kunne komme meg til. Målet vart Sandgrovegga. Frå der eg parkerte startar sti over til Eikesdalen. Dit eg skulle var det ingen merka eller utprega sti, men ein og anna plassen kom eg over spor etter gamle fotspor. Så

Panoramajakta held fram; Litjvasstinden 1490 moh, Bøstølen, Rauma

Bilde
Bøstølen Endeleg ein dag med finver, så eg var rask å hyve meg i bilen og sette kursen mot Innfjorden og Bøstølen. Vart møtt av både kyr og sau før eg parkerte, og eg blir like glad kvar gong eg ser dyr til seters. Noreg treng bonden! Dagens mål var Litjevasstinden 1490 moh. Første del av turen går opp til Litjevatnet langs fin sti. I følge kartet skulle det gå ein sti langs vatnet på nordsida, men den tok plutseleg slutt...og eg måtte bryte meg gjennom bjerkakjerr type jungel...Var heilt herleg å kome ut på andre sida og finne ein fin sti opp mot Ytste Brynbottsvatnet. Fin sti inn til Litjevatnet Litjevatnet Flott "sti-valg"... Endeleg ute av krattet Tok ein liten pitstop før eg starta på ryggen opp mot toppen. For å komme opp på ryggen gjekk eg berre rett på, og etter nokre bratt meter var eg oppe på ryggen. Ryggen er fin og følge, litt smal enkelte plassar men desse kan fint passerast på venstre side av ryggen. Litt deprimerande å sjå nysnø