Panoramajakta held fram; Trollvasstindan 1422 moh og Midtre Trollvasstindan 1384 moh
Desse toppane var det ikkje berre enkelt å få tak i! For eit par veker sidan gjorde eg første forsøk, med start frå Pusken/Overøye i Stordal. La avgarde i sol og god temperatur, men oppdaga at det var nysnø i fjella... Frå starten på Kvitlane Trollvasstinden 1422 moh, mista litt trua når eg såg kor mykje snø det var... Spektakulært fjell 18 høgdemeter under toppen av Trollvasstindan 1422 moh måtte eg snu pga. NYSNØ! Snøen var så glatt at eg hadde problemer med å halde meg på beina, så hadde ikkje lyst til å prøve meg på det litje bratte og "ekle" partiet som er på fjellet. Det var tunge 10 km tilbake til bilen som var parkert ved Pusken. Sjelden eg har vore så sur og forbanna på ein fjelltur, så langt for ingenting! Så nært, men så fjernt.... Veka etter skulle eg ta hevn! Denne gongen starta eg frå Bøstølen i Innfjorden. Sette fart innover og opp til Ådalen, kjapp matpause og vidare opp til ryggen mot Trollvasstinden 1422. I og med at eg var der ve...