Nuglefestivalen 2015
Forrige helg gjekk årets Nuglefestival av stabelen! Dag 1 tok vi turen over Sandnestindan, 5 fjelltoppar som ligg på rekke og rad frå Fræna til Eide. Trolltindan, Trolltindan Øst, Stordalstinden, Blåfjellet og Hældalstinden. Starten på turen er ved parkeringsplassen til Trollkirka. Pikene på broen! God stemning i gjengen! Vi tok stien opp til Trollkirka kor det var på tide med matpause. Etter godt med påfyll var vi klar for neste etappe forbi Trolldalsvatna og opp til Trolltindan langs vest-ryggen. Eit lite blikk inn i Trollkirka Langs vestryggen opp mot Trolltindan Ryggen opp til toppen har nokre bratte parti, men det er fin sti og artige formasjonar på turen. Når vi kom opp på ryggen opna utsikta seg mot ytre delar av Fræna, Eide og Averøya. Oppe på toppen er det 360 graders utsikt - det var fri sikt til dei høge fjella i Sunndalen, alle fjella i Romsdalen og heilt til Sunnmørsalpane. På toppen av T...