Panoramajakta held fram; Skardfjellet 1723, Trollstigen
Nokre turar kjem eg til å hugse meir enn andre. Denne er ein slik! Målet for turen var Skardfjellet 1723 moh. Starta frå Alnesreset i grauttjukk skodde, såg nesten ikkje til neste raud-merking. Yr meldte at skydekket skulle lette utover dagen, så satsa på at det skulle slå til. La avgarde oppover i skodda, og plutseleg så skjønte eg at det ikkje var lenge før eg var over skydekket. Skodda vart plutseleg ganske så tynn, og sola var på veg gjennom. Det var reint magisk! Frå Alnesreset er det raudmerka sti opp til Skarfjellenden. Oppe i skaret på ca. 1250 moh tek stien av til venstre og til toppen av fjellet. Eg sette kursen rett austover og mot ryggen som er starten på turen opp til Skardfjellet. Etter mykje om og men fann eg endeleg ein liten "flat" plass til teltet mitt, som ikkje var blautmyr. Å nyte middagen i solnedgang er det ikkje mykje som slår! Vakna til ein nydeleg morgon, og etter frukost og kaffe var det berre å pakke...