Innlegg

Viser innlegg med etiketten Ettermiddagstur

Panoramajakta held fram; Næremstindan 1164

Bilde
For eit par veker siden prøvde eg meg på Næremstindan. Då var planen å gå traversen mellom dei to toppane på 1111 moh oh 1164 moh. Då vart eg stoppa av ein stygg og stor hammar som eg ikkje fann vegen over...Så idag har eg vore tilbake for å gjere meg ferdig med Næremstindan! Denne gongen starta eg nede ved Dalelva som renn langs vegen til Kjersemsetra. Følgde skogsveg eit lite stykke før det barst rett til værs! Ingen tydeleg sti oppover lia, men fann ein del dyretråkk som eg kunne følge store delar av vegen. Oppe på ca 500 moh sikta eg meg inn på ryggen vest for toppen av Næremstindan. Det er berre to ting å seie om dei neste 600 høgdemetra - bratt og tungt! Rett under toppen   Rett før motbakken tek slutt. Etter mykje pust og pes var eg endeleg oppe på ryggen, så var det berre å følge ryggen til topps. Første varden, med utsikt til Høgsvora. Det er lett å bli lura av kva som eigentleg er toppen. I det eg kom opp ryggen møtte eg ein stor varde, ikkje t...

Kvannfjellet - perfekt etter-jobb-fjell!

Bilde
Idag tok eg turen til Kvannfjellet etter jobb. Skiføret var overraskande bra, iallefall over skoggrensa. Det vart meir og meir kartongsnø nedover lia, og det var sikkert som å sjå ei kråke på ski der eg kryssa, svinga og hoppa meg nedover! Flott tur i fint ver, med ei flott utsikt! Skiføre (!!!) frå parkeringa 

Pudder og rando-endelig!

Bilde
Dei siste dagane har det endeleg kome litt snø, og det har vore skikkelig pudderføre på Tusten. Så det var berre å ta på skia og gå til topps!