Innlegg

Viser innlegg fra august, 2011

Sol og varme på Rhodos

Bilde
Har no vore ei veke på "grillen" på Rhodos- utrulig godt med sol og varme etter ein heller dårleg sommar. Knallblå himmel, sol, bading, mange gode bøker, god mat og drikke og ein anelse solbrent...men all farge er god farge!!

Kajakk på ein blikkstille Moldefjord

Bilde
Flott kveldstur på Moldefjorden idag! Det er utrulig stor fjøre for tida, så mange av dei smale fine sunda/kanalane ein kan padle gjennom til vanleg var idag tørt land. Fikk ein flott naturopplevelse på kjøpet når eg fikk sjå ein måse og ei ørn jage kvarandre i lufta- interessant spel å følje med på. Kart over dagens tur finn du her .

Søndagstur på sykkel

Bilde
Eg og Tonje har idag vore på ein fin sykkeltur. Start frå Molde, om Årødalen til skytebanen og løypenettet på Skaret. Så rundt Skarvatnet, ned Malmedalen til Malmefjorden og rundt Kolberg, med slutt ved ein grill i Malmefjorden. Grillmat var ei flott avslutning på ein fin søndagstur. Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur, einaste skramme var ein litt forslått finger etter eit stunt ned i ei grøft! Kart over turen er her .

Sykkeltur rundt Midøya og Dryna

Bilde
Eg er framleis litt i Budsjettferie-modus og driv med kortreiste opplevingar i nærområdet. Idag har det og vore ganske fint ver, så Tonje og eg tok bilen ut til Midsund sentrum, kor vi parkerte og kom oss på syklane. Turen gjekk først på yttersida av Midøya og så til Dryna, kor vegen stoppa og vi snudde. Så tilbake til Midøya kor vi tok innersida tilbake til Midsund. Ein flott tur med utsikt til storhavet, og artig å sykle ein plass kor ingen av oss har vore før. Vi har allereie sett oss ut at dette kan bli ein del av ein dagstur, evt. overnattingstur, med tur om Fjørtofta, Haramsøya, Sandøya, Ona og Gossen. Det får bli ein anna gong. Flott tur som anbefalast! Det er også mykje anna ein kan utforske i Midsund, les meir om det her . Kart over turen er her .

Fjelltur til Melen eller "Fiksdalshonnje" 805 moh

Bilde
Så lenge eg har bodd i Molde har eg sett på dette karakteristiske fjellet inne i Fiksdalen. På avstand ser den ut som ei pyramide, ikkje ulik Jendemsfjellet. Etter å ha lest om turen i kortreist-spalta i Romsdals Budstikke forrige lørdag, bestemte tonje og eg oss for å prøve turen. Vi køyrde til Fiksdal og tok av mot Vatne over Nakkedalen, og parkerte på det høgste punktet. Derifrå var det grei sti til toppen. På toppen fikk vi ei fantastisk utsikt og eit litt spenstig topparti. Dette var ein fantastisk tur, og vi begge anbefaler denne turen på det sterkaste! Så, ut på tur!! Meir om turen finn du HER .

Budsjettferie dag 28: siste feriedag, sykkeltur, bading, eit herremåltid og fotball!

Bilde
Da er siste feriedag snart ferdig. Det har vore fire veker med ymse innhald i denne budsjettferien, har trøyd meg med ulike utflukter og sportslege sprell, men kunne tenkt meg litt meir sommar... På siste budsjettferiedag har eg vore på sykkeltur med Tonje. Det var første sykkeltur etter sykkel-trynet og turen vart gjennomført i veldig kontrollerte former. Kneet var litt "ekkelt", foten fikk jo full bøy for første gong på ei drøy veke, men heldigvis ikkje vondt! Turen gjekk frå Røvik Kirke til Solemdalen og tilbake langs fjorden til Grønnes og tilbake til Røvik kirke. Kart finn du HER . Etter sykkelturen tok vi ein tur på stranda på Bolsøya og manna oss opp til å ta årets første innenlandske bad ( og kanskje det siste!?!?). Det var ikkje akkurat varmt, men forfriskande! Dagen blir avslutta med eit herremåltid, heimelaga burgermeny ala sæter og stokke, og fotballkamp på TV. Heia MFK!

Budsjettferie dag 27: Kajakk på Moldefjorden

Bilde
Idag tok eg ein tur med kajakken på Moldefjorden. Var kjempefint, blikkstille hav når eg starta, men før eg kom meg heim så rakk eg å få prøve meg både på bølger frå alle kantar, mykje vind og pissregn! Det mest interessante å sjå på turen var den utruleg store fjøra som er no om dagen, kan jo gå tørrskodd på plassar ein vanlegvis padlar over. Har og fått fjerna stinga i kneet idag, så no har eg store håp om å få meg ein sykkeltur snart, kriblar i føtn etter ei veke på sofaen ;-) No bli det heimelaga pizza og lørdagskos i stuggu! Kart over dagens tur finn du HER .

Budsjettferie dag 26: Sommardag på Farstadsanden

Bilde
Endeleg ein dag som likna på ein sommardag!! Tok ein tur til Farstadsanden kor eg har nytt sommaren idag.