Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2012

På fjorden

Bilde

Stisykling

Bilde
Har hatt ein 29" fulldempa scott spark til låns eit par dagar og har testa den ut i ymse terreng. Må rett og slett seie eg vart frelst- 29" er noko heilt anna enn 26"! Så no er det berre å opprette sparegris! I går tok eg turen om Kringstadsetra- Langvatnet-Åndal- Svartnakken-Kringstad. Kjempefin tur med mykje fin stisykling. Sjå kart for ruta. Spesielt er stien over Svartnakken kjempefin. Her er ein FILM som viser turen:  Kart finn du her.

Nydeleg dag ved Eikesdalsvatnet

Bilde
I går var eg på utflukt til området rundt Øverås og starten av Eikesdalsvatnet. Starta med fjelltur langs bratt sti opp til Ljøsåbotnsetra, fantastisk utsikt til Eikesdalsvatnet og fjella rundt. Turen ned igjen utfordra bremsemusklane!! Vel nede ved Eikesdalsvatnet igjen tok eg årets første bad. Det var ikkje akkurat varmt, men ganske så friskt! Så var det strandliv heilt til kvelden kom! Herrlig dag i flott ver ;-) FILM finn du her .

Breitind, 1797 moh, Trollstigen

Bilde
Idag har eg vore på Breitind, frå Trollstigen. Nydeleg turver, F A N T A S T I S K utsikt og brukbart skiføre! Ganske så heftig å sjå rett ned i Romsdalen og i tillegg ha full utsikt mot Trollveggen, Romsdalshorn, Vengetindan, Finnan, Bispen, Kongen, Dronninga, Harstadfjellet, DronningenS Krone, Reinsfjellet, Otrøya.....kunne ramsa opp fleire sider... Men, bilder seier meir enn kva eg greier å formidle idag!!

Heilt grei start på dagen!

Bilde
Starta dagen med sykkeltur i Moldemarka før eg sette snuten mot kontoret. Nydeleg start på dagen med blikkstille vatn, sola som braut gjennom og fuglekvitter- og ingen andre å sjå! Hadde desverre ikkje anna enn mobil, så ikkje akkurat topp bildekvalitet...

Blåhammaren 710/725 moh

Bilde
Panoramajakta held fram! I til tider ufyseleg ver og føre tok eg laurdag turen til Blåhammaren ved Skåla. Dei første fem minutta var det lettskya og til dels sol, før himmelen opna seg og det vart styrtregn som gjekk over til snø lenger opp i høgda...Etterkvart som eg kom lengre opp var det bortimot skiføre, og klin umulig å sjå kva som lurte under snøen...Med andre ord, ikkje akkurat ein super turdag, men toppen vart tatt! Hadde vurdert å ta med nabotoppen Snøfjellet på same tur, men med dei snømengdene og mykje vind og dårleg sikt, så gikk det ut!Får bli ein anna dag! På tur ned var det alt frå snøstorm og minimal sikt, via pissregn til sol og litt blå himmel.. Surt og kaldt på toppen, dårlig med utsikt Sola trengte snøbygene bort... Innerst i Osen, med ustikt mot Harstadfjellet (mogleg å sjå inni skodda) Blaut så ei katte! Mot Osvatnet og Fosterlågen Fannefjorden Utsikt mot Skålaksla,Hovdenakken og Molde