Panoramajakta held fram; Hesten 1610 moh, Innfjorden
I går tok eg turen til Hesten i Innfjorden. Starta rett etter den store parkeringsplassen på Herdslan før Bøstølen. Det er godt merka sti heile vegen opp lia til Gjølbotn. Kart over ruta ligg nedst på sida. Flotte haustfargar! Middagstind sett frå Gjølbotnen Fremst i Gjølbotnen ligg ei lita tjønn, og det var heilt nydeleg å sjå fjella og haustfargene spegle seg i vatnet. Frå tjønna ser ein også tindenåla "Hestkuken". Frå tjønna sikta eg meg inn mot fortoppen til Hesten, 1481 moh. Første del er veksling mellom lyngrabbar og urd, før det går over til urd og stein resten av turen. Utsikta blir betre og betre etterkvart som høgdemetra går unna. Skjervan Høgstolen Sjøboltinden Toppen dukkar opp Mykje artige formasjonar å sjå Blåne på blåne! Finnan midt i bildet. Nonstind, Hestens fortopp og Middagstind Langt og bratt ned! Panoramatopp nr. 140 i boks! Innfjor...