Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vengetindane

Hyttetur i Isfjordsfjella

Bilde
I Rauma er det mange opne hytter i fjellheimen, flesteparten eigd av fjellstyrer. I august tok eg ein liten rundtur for å besøke nokon av desse hyttene. Planen for helga var å kome meg opp på Kvanndalshøin som ligg sør for Middagsfjellvatnet. Frå starten heilt innst i Erstaddalen i Isfjorden sette eg kursen inn Saufonngrova mot Saufonnholet. Opp Saufonnholet er det innimellom svært bratt, men det er lagt ut kjetting og ein liten stige på dei brattaste partia. Nesten som ein liten via ferrata! Saufonnholet I det det flatar ut kjem ein til Saufonnhyttene. Den eine er gamal og er mest ei dagsbesøk-hytte, den andre er ei nyare fin hytte med sengeplass til 6-8 personar. I tillegg er det naust med båt og fiskeutstyr. Saufonnhyttene Frå Saufonnhyttene følgde eg stien vidare til Middagsfjellhytta. Den går på høgre side av vatnet. Etter 150 høgdemeter og ein halvtimes gange kjem Middagsfjellvatnet, Middagsfjellhytta og Vengetindane fram. For eit syn! M...

Panoramajakta held fram; 5 toppar i Sandgrovbotn, Rauma/Nesset

Bilde
I Sandgrovbotnen er det mange panoramatoppar. Eg var der forrige sommar, men hadde framleis 5 toppar. Det kom endeleg nokre finversdagar i midten av juli, så det var berre å pakke bilen. Første dag sette eg kursen innover Mardalsbotn, og dagens mål var fire toppar i området rundt Hauduken (innringa på kartet under). Mardalsbotnen og nokre av dagens mål i sikte Mardalsfossens øvre del Mardalsbotn Det er langdrygt innover Mardalsbotnen, men etter knappe 5 km kunne eg endeleg begynne på motbakkane opp mot toppane. Eg kryssa over botnen mellom Midtre Mardalsvatnet og Indre Haudukvatnet. Slike langdryge anmarsjar er eg lite glad i, det tek så lang tid før ein endeleg kan starte på turen.  Juratind dukka opp! Morgodalstindane og Kjøvskardtinden Fjell i fjell!! Mardalsbotnen Eg sette kursen rett opp mot breen under Hauduken. I siste stigninga opp opp mot breen var det eit litt vanskeleg parti, glatt svaberg, men eg fann ein omveg og var ...