Innlegg

Viser innlegg med etiketten friluftslivets år

Panoramajakta held fram; Hesten 1643 moh og Hesten 1650 moh, Rauma/Norddal

Bilde
For ein drøy månad sidan var eg på jakt etter to hestar! "Hestenmassivet"  består av tre toppar, den eine har eg tidlegare teke frå Innfjorden. For å sleppe å gå over denne igjen, bestemte eg meg for å ta dei to andre frå Nedstestølen, sjå kart nederst. Eg starta såpass langt ut på dagen, at eg skulle overnatte på turen. Nedstestølen Ein nydeleg haustdag Berilldalen var flott i nydelege haustfarger. Dalen er ganske slak og ein tek ganske få høgdemeter før ein nærmar seg slutten av dalen og startar oppstigninga mot Kula, 1127 moh.  Hesten 1634 i det fjerne Oppstigninga til Kula på ca. 400 høgdemeter er tung med sekk for overnatting på ryggen, men når ein får sjå morgondagens mål, så er det berre å sette den eine foten framom den andre og komme seg oppover.  Hesten 1634 moh i sikte Oppe ved Kula var det ikkje berre enkelt å finne ein teltplass, som både var flat og ikkje fullpakka av stein! Men etter sikkert 45 minutt leiting, så fann eg den e...

Panoramajakta held fram; Ytre og Indre Sula, Todalen, Surnadal

Bilde
I slutten av september sette eg kursen mot Todalen. Målet for turen var Ytre og Indre Sula.  Startstad for turen er rett før sentrum i Todalen. I det vegen kryssar ei bru, skal du ta av til venstre. Eg følgde grusveg eit par hundre meter og parkerte før ein bomveg starta. Den var ikkje open for almenn ferdsel.  Pakka sekken og sette kursen oppover lia. Ganske mange høgdemeter på kort tid, men skogsveg og sti heile vegen opp til Todalshaugsetra. Eg starta ganske seint på dag og det begynte å bli skymt. Etter å ha leita rundt ganske lenge fann eg ein flat og tørr plass som var akkurat like stor som teltet mitt. Det var mykje myr og unnabakke rundt setra.... Utsikt mot Vinnumassivet, Todalen i framkant Utsikt frå teltplassen Det har vorte haust, så kart må studerast med hauløkt på! Det var godt med vind heile natta og ikkje mindre på morgonen. Så det var berre å få på seg vindtette klede, pakke sekken og sette kursen oppover.  Det er lite med st...

Panoramajakta held fram; Skardfjellet 1723, Trollstigen

Bilde
Nokre turar kjem eg til å hugse meir enn andre. Denne er ein slik! Målet for turen var Skardfjellet 1723 moh. Starta frå Alnesreset i grauttjukk skodde, såg nesten ikkje til neste raud-merking. Yr meldte at skydekket skulle lette utover dagen, så satsa på at det skulle slå til. La avgarde oppover i skodda, og plutseleg så skjønte eg at det ikkje var lenge før eg var over skydekket. Skodda vart plutseleg ganske så tynn, og sola var på veg gjennom. Det var reint magisk! Frå Alnesreset er det raudmerka sti opp til Skarfjellenden. Oppe i skaret på ca. 1250 moh tek stien av til venstre og til toppen av fjellet. Eg sette kursen rett austover og mot ryggen som er starten på turen opp til Skardfjellet.  Etter mykje om og men fann eg endeleg ein liten "flat" plass til teltet mitt, som ikkje var blautmyr. Å nyte middagen i solnedgang er det ikkje mykje som slår! Vakna til ein nydeleg morgon, og etter frukost og kaffe var det berre å pakke...