Innlegg

Viser innlegg med etiketten sommerski

Panoramajakta held fram; sommarskitur til Rangåhøgda 1768 moh, Sandgrovbotn

Bilde
Vakna til grauttjukk skodde, men såg at sola ikkje var så langt unna, og kunne nyte ein kaffekopp medan eg venta. Det vart ein nydeleg morgon! Dagens turmål til venstre Gårsdagens topp - Sandgrovegga Dagens plan var skitur til Rangåhøgda, og etter ein betre frokost pakka eg saman og køyrde vidare innover dalen. Før eg starta turen køyrde eg vegen til endes for å sjå innover Mardalsbotnen. Mardalsbotnen Frå vegen tok det meg 25 minutt med skia på sekken i flatt terreng før eg fann skiføre. Da var det berre å sette igjen joggeskoa og på med skiskoa. Rangåhøgda er fjellet til venstre, til høgre er ein av fire toppar med namnet Midthøin. Under er ruta mi innteikna. Første stigning unnagjort. Det hadde vore folk her nokre dagar før meg, så svake skispor var synlege. Men uansett om eg hadde spor å gå etter, så gav ruta seg sjølv, ikkje mogleg å gå feil her. Det var skikkeleg shortsføre og for min del årets første (og siste?) sommarskitur!?!...

Panoramajakta held fram på Trollstigen.

Bilde
Trollstigen har opna, og med dagens ver var det ikkje noko å vente på. Benthe, Marte og eg heiv oss i bilen og sette kursen mot Trollstigen. Allerede på fergekaia var det klart at vi ikkje vart åleine på fjellet....Vi hadde sikta oss inn mot toppane Småholtinden øst og den namnlause toppen 1562 vest for Alnestind, mellom Alnestinden og Ringshornet, og det var vi glad for. På Alnestinden og Finnan var det reine 17.maitoget og vi fekk gå meir i fred. Vi starta frå Slettvikane og gikk på ski frå vegkanten. Etter eit par timar var vi oppe på første toppen og eit kvarter seinare på den andre toppen. Aldeles nydeleg skitur, med knallblå himmel og sol. På toppen var det ganske sur vind, så vi var raske med å sette kursen ned igjen. Dei første 500 høgdemetra var det nydeleg føre, var berre å gunne på! Etter ein lengre solings og etingspause tok vi fatt på dei siste knappe 400 høgdemetra, og der var føret alt anna enn nydeleg....VM i pillråtten snø, skia skjærte seg ned i snøen og lyset vart v...