Ferie del 2: Oltervatnet og Trollvatnet frå Grøndalen

Idag har mamma, Nora og eg vore på tur til Oltervatnet og Trollvatnet. Køyrde til Istad og tok av til Grøndalen. Ved merke til stikkut-post tok vi av til høgre og parkerte ved bom. Derifrå er det fin grusveg, først til Oltervatnet (kor det er stikkut-post) og så vidare til Trollvatnet. Flott tur i kjempefint turterreng, både sommar og vinter! Einaste minusen var ein del klegg... Oltervatnet Oltervatnet og Trollvassbrakkå Trollvatnet, med Duå inni skodde-dotten til høgre Pink Panters Mykje artig å sjå på tur Myrull var utrulig artig!!