Innlegg

Viser innlegg med etiketten Bobil

Tour de Bobil etappe 5 - Via Ferrata i Loen og turen heim.

Bilde
Etter å ha hørt på sprutregnet heile natta, vakna vi fredag til litt mindre regn men lågt skydekke. Vi skulle gå Via Ferrata i Loen. Via Ferrata er ein "klatresti" kor klatreturen opp er ferdig bolta og du er sikra til ein wire heile turen opp. Via Ferrata i Loen går frå havnivå og opp til Hoven 1010 meter over havet, der nesten 1 km er wire. Eit stykke under toppen skal ein over Gjølmunnebrua som er 120 meter lang og det er 160 meter rett ned under brua. Klar til start! Vi la i veg ilag med 5 andre i tillegg til guiden, til og med kjentfolk! Starten av turen er 170 høgdemeter langs skogsveg og bratt sti, til ein kjem til første wire-strekning. Denne er ikkje langt men gav oss ei innføring i korleis vi skulle sikre oss og korleis vi skulle bevege oss i fjellet. Her hadde Thea begynt å få vondt i hauet og kjente på at migrena kom snikande. Dette var eit skot for baugen, men vi bestemt oss for å sjå korleis det gjekk oppover mot 440 moh og innsteget til ruta. O...

Tour de Bobil etappe 4 - Frå Flåm til Loen

Bilde
Dagen etter turen ned Flåmsdalen tok vi ein roleg start på dagen før vi pakka saman på campingen og sette kursen mot Loen kor vi skulle gå Via Ferrata dagen etter. Det var dårleg ver på turen, så det frista ikkje med stopp, med unntak av Bøyabreen som plutseleg dukka opp før Fjærlandstunellen. Bøyabreen. Dette var skilta som utsiktspunkt!!! På Innvik-fjellet. Loen. Skålatårnet omtrent midt i bildet, toppen er inne i skodda. Innover mot Olden. Loen til venstre og Olden til høgre. Etter at vi hadde innstallert oss på campingen, så var det på tide å ta SUP-brettet ut på fjorden. Thea har aldri prøvd SUP (stand up paddle board) før, men var eit naturtalent! Frå fjøresteinane såg vi Gjølmunnebrua som vi skulle over dagen etterpå! Etter padlinga var det klart for herremåltid i bobilen, pitapizza! Knallgodt!

Tour de Bobil etappe 3 - Flåm og Flåmsbana

Bilde
Vi rakk akkurat å komme oss til Flåm camping før dei stengte for kvelden på tirsdag Onsdags morgon var vi klar for Flåmsbana. Vi skulle ta toget opp til Myrdal stasjon og sykle ned igjen. Vi var tidleg ute til første tog, men fekk ikkje plass til syklane våre, så vi venta til neste avgang. Flåm er ein liten stad, men med mange cruisebåtar i fjorden var det yrande folkeliv klokka 8 om morgonen. Det er ganske festleg å sjå på desse turistane, og vi observerte livet når vi tok oss ein kaffe medan vi venta. Så kom vi oss på toget og hadde flaks og fekk oss plass ved vindauget. Det var litt rufsete ver i starten av turen, men jo lengre opp vi kom jo betre vart veret. Flåmsbana er ein av dei brattaste toglinene i verda på vanlege togskinner. Togturen går forbi rallarvegen, langs stupbratte fjellveggar, skummande fossefall og gjennom 20 tunellar. I løpet av ein time teg toget deg frå havsnivå til Myrdal stasjon på Hardangervidda, 865 moh. Myrdal er ein stasjon på Bergensbanen, som gjer at e...