Innlegg

Viser innlegg med etiketten Hesteskotraversen

Hyttetur, toppar og moltekrem i Isfjorden

Bilde
Inspirert av overnattingsturen min på "Vår" på Loftskarstind tidleg i februar, tok Benthe og eg turen inn til Isfjorden for ei ny overnattingstur i fjellheimen. Som sist var første etappen Loftskarstind. Fleire gonger lurte vi på om vi hadde med stein i sekken, den var alvorleg tung...men, ein fot framom den andre, og endeleg var vi oppe. Det var overskya og litt sur vind, men yr meldte fint ver neste morgon.  Fint kveldslys Etter at vi hadde innstallert oss i hytta, var det på tide med middag, og den vart til og med treretters! Spekekjøtt av rådyr til forrett, så fast-food med rødvin og til slutt moltekrem med kaffe og baileys. Rart den sekken var tung altså...... Moltekrem til dessert! God og mett sovna vi og gledde oss til ein nydeleg morgon med soloppgang (i følge yr....). Då vi vakna opp var det ikkje skyfritt og nydeleg soloppgang, men det var fine fargar på himmelen likevel.  Nordmøre i det fjerne Dei første solstrålane skin på Veng...

Panoramajakta held fram; Klauva 1394 moh, Vistdal/Isfjorden

Bilde
I går var det tid for panoramajakt igjen. Dagens mål Klauva 1394 moh, som ligg nordaust for Kirketaket og aust for Klauva. Starta turen frå Opdal i Vistdal, kor det er merka sti opp til Kjøvdalsvatnet, som er stikkut-post. Fin sti, men blaut og delvis bekk pga mykje nedbør i det siste. Litt kjedelig strekke, drøye 5 km inn til vatnet. Det såg ut til å vere godt fiske i vatnet, det spratt og vaka medan eg åt mat der. Ved Kjøvdalsvatnet er det stidele på T-stiane til Måsvassbu, Vasstindbu og Kjøvskaret over til Isfjorden. Innover Kjøvdalen, Vasstindan og Kjøvskardtind midt i bildet. Ved Kjøvdalsvatnet, Kirketaket midt i bildet, mitt mål til høgre for Kirketaket. Fin plass for matpause, og mykje fisken vaka og hoppa! Utsikt ned Kjøvdalen Etter matpause, sette eg kurs rett opp på ryggen som fører opp til toppen av Klauva 1394. Litt urd og småbratt i starten, men vel oppe på ryggen er det fint terreng heile vegen opp til toppen. På veg opp lia. Klauva kjem f...