I går var det tid for panoramajakt igjen. Dagens mål Klauva 1394 moh, som ligg nordaust for Kirketaket og aust for Klauva. Starta turen frå Opdal i Vistdal, kor det er merka sti opp til Kjøvdalsvatnet, som er stikkut-post. Fin sti, men blaut og delvis bekk pga mykje nedbør i det siste. Litt kjedelig strekke, drøye 5 km inn til vatnet. Det såg ut til å vere godt fiske i vatnet, det spratt og vaka medan eg åt mat der. Ved Kjøvdalsvatnet er det stidele på T-stiane til Måsvassbu, Vasstindbu og Kjøvskaret over til Isfjorden.
 |
| Innover Kjøvdalen, Vasstindan og Kjøvskardtind midt i bildet. |
 |
| Ved Kjøvdalsvatnet, Kirketaket midt i bildet, mitt mål til høgre for Kirketaket. |
 |
| Fin plass for matpause, og mykje fisken vaka og hoppa! |
 |
| Utsikt ned Kjøvdalen |
Etter matpause, sette eg kurs rett opp på ryggen som fører opp til toppen av Klauva 1394. Litt urd og småbratt i starten, men vel oppe på ryggen er det fint terreng heile vegen opp til toppen.
 |
| På veg opp lia. |
 |
| Klauva kjem fram. |
Etter topp 1164 er det eit lite smalt og bratt parti, men ingen problem og komme over og opp (sjå bilde under).
 |
| Ryggen opp mot toppen og målet for turen. |
 |
| Skyar på veg! |
 |
| Mørkvatnet med Klauva, og kor Ivers topp er synleg i skyggen i vatnet. |
 |
| Siste bakken |
Regnbygene gjekk i alle dalar omkring meg, og skyer kom og gikk. Så etter kjapp knipsing var det ikkje lange opphaldet på toppen, her var det berre å komme seg ned før skitveret kom inn, og stålsette seg for den laaaaaaaaange turen tilbake.
 |
| Søre Klauva, Ivers topp og Klauva. |
 |
| Kirketaket |
 |
| Kvass egg |
 |
| Utsikt mot Vasstindan og Kjøvskardtind |
 |
| Ivers topp, med Søre Klauva i bakgrunn |
 |
| Happy panoramajeger |
 |
| "Klauvene" |
 |
| Hesteskotraversen frå baksida |
Hadde ikkje kome langt nedover før veret kom. Det var berre å pakke fotoapparat i vasstett pose og få på regnjakka. Det var som å stå i dusjen ein liten halvtime. Eg tok ei litt anna rute ned igjen for å slippe å gå heilt tilbake til Kjøvskardvatnet igjen. Så det var myrkryssing og elvekryssing med vatn til opp over knea. Ingen vits i å prøve å halde seg tørr lenger, var jo søkkblaut allereie! Så var det berre å traske dei kjedelege km tilbake til bilen, og var så heldig å bli overfalt av enda ei skikkeleg regnbøye til...
Fin tur, men kjedeleg med så langt strekke med transport. Det er også moglegheit til å ta toppen frå Isfjord-sida, men det er delvis luftig egg frå Ivers topp og over til Klauva 1394.
Panoramatopp nr. 138 i boks!
Kartet viser ruta eg tok.
Kommentarer
Legg inn en kommentar