Innlegg

Viser innlegg med etiketten Brandstad

Panoramajakta held fram; Litje Vikesoksa 1765, Nesset/Sunndal

Bilde
Hevnen er søt! I fjor skulle Benthe og eg prøve oss på Vikesoksa, og hadde same plan som eg hadde for denne turen. Då viste det seg at yr lova litt for mykje, og vi endte med å sette snuten heim igjen etter ei overnatting på Jønnstadsetra. Det viste seg at det var akkurat på same dato i 2016 vi prøvde turen, så greit å få tatt hevn innan året var omme! Starten for turen er på Brandstad øverst i Øksendalen. Herifrå er det ca 4 km fin grusveg inn til Jønnstadsetrene. Fin sykkeltur, og supert å kunne trille tilbake til bilen på heimeveg. Sykla inn til setrene og sette igjen sykkelen bak ei bu. I følge boka "Toppturar i Sunndal" skal det gå sti oppover på høgre side av elva. Denne er ikkje skilta frå setra (så vidt eg kunne sjå) og eg fann ikkje heilt starten på den. Det endte med at eg meir eller mindre gjekk rett opp og klura skikkeleg. Men, litt flaks skal ein ha. Skyane vart stadig mørkare og eg rekna med at det var snakk om minutt før eg vart innhenta av regnet eg såg ...

Panoramajakta held fram; Vestre Litjeskjorta 1480 moh, Eresfjord/Øksendalen

Bilde
Årets ferie starta eg med å jakte på Vestre Litjeskjorta mellom Øksendalen og Eresfjorden. Starta turen frå Brandstad øvst i Øksendalen og følgde T-merka sti opp til Brandstadsskaret, kor eg slo opp telt og åt middag. Legg til bildetekst Brandstadskaret Fløtatinden og Trondskjortetinde Kan ikkje klage på teltplassen! Etter middag med dessert var det godt med ein liten cowboy-strekk Plana var å prøve meg på Vestre Litjeskjorta etter ein liten middagskvil i sola. Har tidlegare vore på Litjskjorta på ski, og bestemte meg for å gå opp dit og følge rygg/egg over til neste topp. La i veg oppover, og ikkje lenge etter stod eg på toppen. Etter litt dokumentering sette eg kursen mot Vestre Litjskjorta. Følgde rygg nedover, aldri smal, men kom til eit punkt kor eg ikkje såg utgangen og kor det var litt lite med tak. Med alderen kjem alle konsekvensutgreiingane, så eg vurderte det til at det var best å snu. Det var kanskje like greit, for borti Trollveggen såg eg ...