Innlegg

Viser innlegg med etiketten Bøstølen

Panoramajakta held fram; Trollvasstindan 1422 moh og Midtre Trollvasstindan 1384 moh

Bilde
Desse toppane var det ikkje berre enkelt å få tak i! For eit par veker sidan gjorde eg første forsøk, med start frå Pusken/Overøye i Stordal. La avgarde i sol og god temperatur, men oppdaga at det var nysnø i fjella... Frå starten på Kvitlane Trollvasstinden 1422 moh, mista litt trua når eg såg kor mykje snø det var... Spektakulært fjell 18 høgdemeter under toppen av Trollvasstindan 1422 moh måtte eg snu pga. NYSNØ! Snøen var så glatt at eg hadde problemer med å halde meg på beina, så hadde ikkje lyst til å prøve meg på det litje bratte og "ekle" partiet som er på fjellet. Det var tunge 10 km tilbake til bilen som var parkert ved Pusken. Sjelden eg har vore så sur og forbanna på ein fjelltur, så langt for ingenting! Så nært, men så fjernt.... Veka etter skulle eg ta hevn! Denne gongen starta eg frå Bøstølen i Innfjorden. Sette fart innover og opp til Ådalen, kjapp matpause og vidare opp til ryggen mot Trollvasstinden 1422. I og med at eg var der ve...

Panoramajakta held fram; Middagstinden 1569 moh, Innfjorden

Bilde
Middagstinden i Innfjorden har stått på plana ei stund, og plutseleg dukka det opp ein finversdag innimellom regndagane. Vegen opp til Bøstølen er bomveg, og i det vegen kryssar elva over mot Bøstølen er det mogleg å parkere på venstre side. Kryss vegen og følg elva i retning Innfjorden, det er merka sti heile vegen opp til Tindevatnet. Etter å ha kryssa nokre myrparti, gikk stien rett til himmels!! Stien går meir eller mindre rett opp, så låra får kjaurt seg. Oppe ved Tindevatnet var det på tide med ein liten matpause, før eg starta på neste etappe. Frå vatnet må ein over ein liten haug og litt ned før ein startar på knappe 600 høgdemeter, for det meste i urd. Eg kryssa meg oppover i urda og ut på sørvestryggen. Så var det berre å krysse seg oppover og nyte utsikta. Fantastisk utsikt frå toppen, og artige pinnaklar rett under toppen! Toppen i det fjerne Tindevatnet Nonstinden Trollveggen Molde langt der borte Skjervan - kjempefint skifjell ...

Panoramajakta held fram; Litjvasstinden 1490 moh, Bøstølen, Rauma

Bilde
Bøstølen Endeleg ein dag med finver, så eg var rask å hyve meg i bilen og sette kursen mot Innfjorden og Bøstølen. Vart møtt av både kyr og sau før eg parkerte, og eg blir like glad kvar gong eg ser dyr til seters. Noreg treng bonden! Dagens mål var Litjevasstinden 1490 moh. Første del av turen går opp til Litjevatnet langs fin sti. I følge kartet skulle det gå ein sti langs vatnet på nordsida, men den tok plutseleg slutt...og eg måtte bryte meg gjennom bjerkakjerr type jungel...Var heilt herleg å kome ut på andre sida og finne ein fin sti opp mot Ytste Brynbottsvatnet. Fin sti inn til Litjevatnet Litjevatnet Flott "sti-valg"... Endeleg ute av krattet Tok ein liten pitstop før eg starta på ryggen opp mot toppen. For å komme opp på ryggen gjekk eg berre rett på, og etter nokre bratt meter var eg oppe på ryggen. Ryggen er fin og følge, litt smal enkelte plassar men desse kan fint passerast på venstre side av ryggen. Litt deprimerande å sjå nysnø...