Innlegg

Viser innlegg med etiketten Randers Topp

Panoramajakta held fram; Ystenestinden/Slingsbys topp 1160 moh, Ytre Standal, Ørsta

Bilde
Molladalen er kjent for sine spisse og taggete toppar. Men rett utanfor dørstokken til Molladalen ligg det også nokre tøffe fjell! Frå Mohns topp ser Ystenenstinden/Slingsbys topp heilt umogleg ut. Var på Mohns i sommar og kika over dit og tenkte at den der blir av det luftige slaget! Toppen til høgre på biletet under. Eg var så heldig å få med meg Eirik Vaage på tur, lokalkjent fjellfant, så eg var i trygge hender. For å nå toppane i Molladalen går ein som regel frå Barstadvika og inn i dalen. Ystenestinden eller Slingsbys topp, kjært barn har mange namn, er det mogleg å ta frå Molldalen, men den kortaste og enklaste vegen er frå Ytre Standal. Kort og enkel ja, men det er null oppvarming og rett inn i bakken, 800 høgdemeter opp før klyvinga starta. Det er ingen sti, og for det meste krattskog, men vi gjekk langs elveleiet som kjem ned fjellsida. For det meste heilt greit å gå der, måtte berre ut i sida eit par plassar. Trøsta når det stig på er at utsikta berre blir betre og b...

Panoramajakta held fram; Tungremtindane 1290 moh, Riksemdalen, Sykkylven

Bilde
Betre seint enn aldri, men her kjem ein rapport frå ein rett så kjekk påsketur!! Som bestilt kom finveret til sjølve påskehelga, og det var berre å pakke bilen og sette snuten sørover. Hadde fått med Benthe og planen var å gå inn i Riksemdalen og telte og prøve oss på Tungremtindane, og kanskje litt til om vi orka. Eigentleg hadde vi tenkt å gå heilt inn til Storevatnet første dagen, men vi syntes sekkane var vel tunge når vi kom opp til Dammen (må ha med litt ekstra når ein skal på påskeferie!) og plutseleg begynte det å sludde. Det var lite fristande å bli blaut, gå mange km til og sette opp telt i møkkveret, så vi fann ut at vi like gjerne kunne campe ved Dammen. Det står ei lita hytte ved vatnet, open men omtrent uten innventar. Vi gikk inn dit for å vente på at det skulle slutte å sludde så vi kunne sette opp telt. Men tida gjekk og det var eigentleg ganske behageleg å vere inne i ei hytte, sjølv om den ikkje var varmare enn på utsida og at sittekomforten var særs dårleg. Vi ...

Magisk helg ved Hjørundfjorden, Kolåstinden og Randers Topp!

Bilde
Betre seint enn aldri? Det er faktisk nesten eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive eit innlegg om denne fine helga ved Hjørundfjorden saman med Benthe. Vi køyrde frå Molde som småpessimistar, det var regn i lufta og lågt skydekke, men yr meldte bra ver for helga, så vi tok sjansen. Målet for helga var Kolåstinden på laurdag og Randers Topp på søndag. Planen var å overnatte i telt ein eller anna plass mellom Festøya og Store-Standal. Terrenget langs Hjørundfjorden er for det meste bratt, så det var ikkje så enkelt å finne ein flat og fin teltplass. Men tilslutt fann vi helgas opphaldsstad. Flatt, god utsikt og ly under store grantre. Det vart ein fin kveld under grantrea med bål, pølser og rødvin. Fin utsikt mot Synnavindsnipa og Tungremtindane Etter ei god natts søvn, frokost og kaffe sette vi kursen mot Standalseidet og dagens mål Kolåstinden, 1432 moh. Skydekket vart tynnare og tynnare og vi starta med mykje solkrem. Kolåstinden blir oftast bes...