Innlegg

Viser innlegg med etiketten Overøye

Panoramajakta held fram; Ørastolen 1393 moh, Stordal

Bilde
I påska tok eg turen til Ørastolen i Stordalen. Det er såklart ein panoramatopp, og no var det på tide å få krysse ut ein topp til! Turen startar frå Overøye skisenter i Stordal. Første del av turen går opp alpinbakken til Heimste Ørabotn/Øravatnet. Der tok eg til venstre/aust og kryssa opp mot Kollen. Det var ei rype til på tur!! Utsikta frå Kollen mot Ørastolen Frå Kollen mot Auskjæret Utsikt mot Lauparen og Brudefølgjet Derifrå fulgte eg eggen vidare bort til toppen av Ørastolen. Kjempeartig ryggtravers og ei fantastisk utsikt på vegen, både til Lauparen og nabofjella og Nonstind og andre romsdalsfjell. Siste biten opp til topp-platået Molde i det fjerne Utsikt ned mot Pusken og Romsdalsfjell Lauparen Først i sporet! Kollen, Auskjæret og ryggen eg følgde Oppe på toppen var ikkje utsikta mindre imponerande. Dyrdalstind og Trollvasstindan Panorama frå toppen mot nord Panorama frå toppen mot Sør-Sør-Aust Ski...