Innlegg

Viser innlegg med etiketten Molde og Romsdal Turistforening

Bjørnarlågtinden 1306 moh, Nesset

Bilde
Bjørnarlågtinden ved starten av Eikesdalsvatnet er ikkje ein "ordentleg" panoramtopp. Med ordentleg meiner eg at den ikkje er av dei 222 toppane, men den er på ei liste som inkluderer 253 toppar. I tillegg til dei 222 er det lagt på 31 toppar som er over 1000 moh, men som er under synsranda.  Turen startar ved starten av Eikesdalsvatnet kor T-merka sti over til Brandstadbu startar. Stien er godt merka og lett å finne, men tydeleg at ikkje mange går den, for det var mykje gras og kvist å gå gjennom. Det stig bratt på oppover, og utsikta blir berre betre og betre. Det er bratt motbakke opp dei 700 første høgdemetra før det flatar litt ut. Først oppe på rundt 900 moh flatar det ut, men då er det på tide å komme seg over elva og starte på ny motbakke. Fin utsikt innover Ljøsåbotnen, Skjorta og Litj-skjortene viser seg fram. Matpause for både to- og firbeinte Litj-skjorta vest/"t-skjorta" med renna Knappestolpen midt i.  Eg kryssa elva nok...

Nyheitind 1508 moh, Isfjorden, - Norsk Fjellfestival

Bilde
I tillegg til Vengetindtraversen skulle eg på tur til Gjuratinden med fjellfestivalen. I løpet av dei fire dagane sidan eg var på Vengetindane hadde det kome mykje nedbør og vore ganske kaldt. Nedbøren hadde kome som snø i høgda, og det var vinterlege forhold på toppane med nysnø og minusgrader.  Vår guide ville ikkje at vi skulle gå på Gjuratind, det var både mykje gammal snø og det hadde kome mykje nysnø. Det skulle i tillegg bli meir sol utover dagen og da ville faren for snøskred vere tilstades. Grupper hadde prøvd tidlegare, men hadde snudd eller gått for nye turmål. Forslag til nytt turmål var Nyheitind 1508 moh. Turstart er på same plass som for turen til Gjuratind, Rabben innerst i Grøvdalen i Isfjorden (bomveg). Stien er T-merka til Svartvassbu. Frodig og grønt oppover dalen Dagens opprinnelege turmål Etterkvart som høgdemetra gjekk unna kom sola meir og meir fram og utsikta vart heilt "stunning" som det heiter på nynorsk. Folka på cr...

Seinhaust ved Måsvatnet

Bilde
Etter veldig hektiske veker på jobb vart det endeleg tid til ein tur til fjells igjen. Torsdag kveld stakk eg av avgarde og målet for kvelden var Måsvassbu. Eg køyrde til Vistdalen og tok av mot Måsvassbu, betalte bomvegavgift og køyrde til vegen stoppa. Så var det å få sekken på ryggen, montere haulykta og legge avgarde mot Måsvassbu. Etter ca 45 min kom eg fram til hytta. Sjølv om det var stupe mørkt, så var det ingen problem å finne vegen fram til hytta. Så var det å få fart på ovnen og skifte til tørre klede. Utanom sesong er det to ulike moglegheiter for overnatting på Måsvassbu. Den eine er i vaktrommet som ligg i sjølve hovudhytta, den andre i sikringsbua som ligg 50 meter aust for hovudhytta. Eg valde vaktrommet og fann meg kjapt til rette der inne. Det tok ikkje lange tida før det vart godt og varmt i hytta, og det var herrrlig å kose seg med ei øl og potetgull. Blir veldig trøtt av den fjellufta, så det vart ein tidleg kveld. Neste morgon vakna eg før fuglane, ...