Nyheitind 1508 moh, Isfjorden, - Norsk Fjellfestival

I tillegg til Vengetindtraversen skulle eg på tur til Gjuratinden med fjellfestivalen. I løpet av dei fire dagane sidan eg var på Vengetindane hadde det kome mykje nedbør og vore ganske kaldt. Nedbøren hadde kome som snø i høgda, og det var vinterlege forhold på toppane med nysnø og minusgrader. 

Vår guide ville ikkje at vi skulle gå på Gjuratind, det var både mykje gammal snø og det hadde kome mykje nysnø. Det skulle i tillegg bli meir sol utover dagen og da ville faren for snøskred vere tilstades. Grupper hadde prøvd tidlegare, men hadde snudd eller gått for nye turmål.

Forslag til nytt turmål var Nyheitind 1508 moh. Turstart er på same plass som for turen til Gjuratind, Rabben innerst i Grøvdalen i Isfjorden (bomveg). Stien er T-merka til Svartvassbu.

Frodig og grønt oppover dalen
Dagens opprinnelege turmål
Etterkvart som høgdemetra gjekk unna kom sola meir og meir fram og utsikta vart heilt "stunning" som det heiter på nynorsk.



Folka på cruisebåten i det fjerne var jaggu meg heldige med veret når dei kom til Verdens beste kommune for naturglade mennesker


Oppe på ryggen på ca 1300 moh tok vi matpause og tok på hjelm og sele. Dei siste 200 høgdemetra skulle vi gå langs ein rygg som kunne vere litt eksponert. Knallveret var også kome på plass!


Målet midt i biletet




Det var ein artig rygg, for det meste klyving. Det er nok mogleg å gå ryggen uten tau, men eit par plassar er det litt utsatt så det er greit å vere sikra. 

Ryggen vi gjekk
Vår supre guide Johanna
På toppen kunne vi nyte utsikta og ta oss ein matbit før vi sette kursen ned igjen.


Returen gjekk ned på sørsida langs store snøfelt ned mot vatn på 1097 moh. Deretter var det å følge stien som kjem over Hoemskaret (frå Hoemsbu) og ned til utgangspunktet igjen. Ein lang tur ut dalen!  



Det var litt kjipt at eg ikkje kom meg opp på Gjuratind, men naturen kan ingen vinne over. Alternativet vart ein kjempefin dag i fint ver og med supert turfølge, ein tur eg godt kan gå igjen!

Kommentarer