Innlegg

Viser innlegg med etiketten Romådalen

Panoramajakta held fram; to bomturar på Nordmøre

Bilde
Med det drittveret som har vore så langt i ferien, så heiv eg meg rundt forrige helg, for yr hadde lova oppholdsver og ganske høgt skydekke i eit og eit halvt døgn... Opprinneleg mål for turen var Rognnebba og Tælfjellet, mellom Todalen og Surnadalen. Starta frå Todalen på bratt skogsveg oppover mot Romådalen. Der vegen slutta var det i starten tydeleg, men særs blaut, sti. Tidvis var det vanskeleg å finne stien, og eg var både på og av den i fleire rundar fram til Ytre Halasetrin. Veret vart ikkje betre og det såg ut til å kome styrtregn (noko yr IKKJE hadde meldt...) og eg innsåg at dette var feil vinkel å angripe desse to fjella på. Eg hadde nok ikkje lest kartet godt nok på førehand, for det var mykje lengre innover dalen enn kva eg trudde. Bestemte meg derfor for å snu, og sette kursen tilbake same veg som eg kom. Nede ved bilen vart det store spørsmålet, kva no? Ytre og Indre Sula er også to panoramatoppar, dei ligg mellom Todalen og Kvenna. Eg sette kursen i d...