Panoramajakta held fram; to bomturar på Nordmøre

Med det drittveret som har vore så langt i ferien, så heiv eg meg rundt forrige helg, for yr hadde lova oppholdsver og ganske høgt skydekke i eit og eit halvt døgn... Opprinneleg mål for turen var Rognnebba og Tælfjellet, mellom Todalen og Surnadalen.

Starta frå Todalen på bratt skogsveg oppover mot Romådalen. Der vegen slutta var det i starten tydeleg, men særs blaut, sti. Tidvis var det vanskeleg å finne stien, og eg var både på og av den i fleire rundar fram til Ytre Halasetrin. Veret vart ikkje betre og det såg ut til å kome styrtregn (noko yr IKKJE hadde meldt...) og eg innsåg at dette var feil vinkel å angripe desse to fjella på. Eg hadde nok ikkje lest kartet godt nok på førehand, for det var mykje lengre innover dalen enn kva eg trudde. Bestemte meg derfor for å snu, og sette kursen tilbake same veg som eg kom.





Nede ved bilen vart det store spørsmålet, kva no?

Ytre og Indre Sula er også to panoramatoppar, dei ligg mellom Todalen og Kvenna. Eg sette kursen i den retninga, men hadde ikkje kome så langt før alle sluser opna seg. Lenge sidan sist eg har sett slikt regn, måtte kjøre sakte for å sjå vegen...Så, da var det berre å kome seg på fergekaia på Kvenna, og sette kursen i retning heim.

Over på andre sida av fjorden var det ikkje regn og i følge yr skulle det vere bra ver første del av dagen etter, så bestemte meg for å prøve meg på Grånebba på Ålvundeidet neste dag.

Campa ved Ålvundfjorden og vart ganske sur neste morgon når veret ikkje stemte med meldinga. Men, heiv meg rundt og tenkte at eg måtte prøve. Turen starta ved alpinanlegget i Børsetlia, og eg gjekk heistraseen opp. Der heisen sluttar startar ein fin sti som går inn til Kjerringvatnet. Litt bratt i starten men veldig fint å gå. Då eg var kome inn dit tok eg ein pause for å vurdere om eg skulle gå vidare eller ikkje. Skodda kom og gjekk, og var av den tjukke typen..Etter ein liten matpause gav eg meg i veg mot Grånebba. Oppe på Tempelet, fortoppen til Grånebba, var skodda så tjukk at eg ikkje såg ein dritt, så da var det berre å snu og gå på GPS til eg var kome ut av skodda. Utruleg kjedeleg med nok ein bomtur...Men men, fjella står vel der, så I'll be back!







Kommentarer