Innlegg

Viser innlegg fra november, 2009

På månen bor en liten mann....

Bilde
Tok dette bildet ein kveld, og kom til å tenke på ein sang frå barndommen! På månen bor en liten mann, en liten mann, en liten mann. På månen bor en liten mann, og han heter Åkken Bom. Han spiller på en øse, en øse, en øse. Han spiller på en øse, og han heter Åkken Bom ....

Her kommer vinter'n, her kommer den kalde fine tida...

Bilde
Ventetida er over, det HAR falt snø i natt! I natt har det snøa og eg kan melde om 7 cm ny, blaut snø på verandaen. Håpar verkeleg det kjem litt meir, slik at sesongens første skitur, både på bortoverski og nedoverski, ikkje er så langt unna. Under er utsikta frå verandaen ein søndagsmorgon. Folkens jeg kommer med nyheter jeg må be om absolutt stillhet Ventetida er over det kommer til å falle snø i natt Her kommer vinteren Her kommer den kalde fine tida Her kommer vinteren Endelig fred å få

Redigering av bilder

Bilde
Eg tek ein del bilete, og ikkje alle er like gode blinkskudd. Derfor trengs det litt redigering. I tillegg er det artig å leike seg med bilder, sjå kva rart ein kan få ut av dei. Det fins mange redigeringsprogram, nokre til stiv pris og andre gratis. Eg brukar eit gratisprogram som ligg på internett, altså ikkje naudsynt å laste det ned på egen PC. Picnik gjev deg moglegheit til enkel redigering av bilder, i tillegg til moglegheiter for å legge til rammer, tekst, figurar, lage bildecollager og slideshows og mange andre ting. Mesteparten av dette er gratis, medan noko funksjonar er kun tilgjengelege dersom du har premium-medlemskap. Men dette kostar rundt 100-lappen i året og er etter mi meining verdt kvar ei krone. Så klikk deg inn og prøv, kanskje blir årets julekort laga her!

Sykling inne på vinteren

Bilde
Dersom du har lyst til å sykle på vinteren, men av ulike årsaker ikkje har lyst til å gå på helsestudio eller legge om til piggdekk og utfordre glatta, så er det håp. Med ei rulle kan du i ei handvending få din eigen spinningtime. Det er ingen problem å trene intervall, styrketråkk eller langkjøring på rulla, men personleg må eg seie at langkjøring er kjedeleg på rulla, så eg svergar til harde intervalløkter der. Eg har sjølv ei rulle frå Taxc, har glemt modellen, og med den har eg sykla mange mil over mange år(og sett mange filmar/tv-seriar). Det er nemleg ikkje til å stikke under ein stol at det kan vere litt kjedeleg dersom ein ikkje har god underhalding. Så sørg for god musikk eller ein film/tv-serie, så går syklinga som ein draum! For meir informasjon om tacx sine ruller, er det berre å klikke her

The hero....

Det er lett å bli helt,klikk her

Då har eg hoppa på blogg-bølgen!

Har i lengre tid tenkt å prøve dette, og no prøvar eg meg. Følgjer du med i min blogg, vil du sjå litt av det eg gjer og som opptek meg. Velkommen inn!