Redigering av bilder


Eg tek ein del bilete, og ikkje alle er like gode blinkskudd. Derfor trengs det litt redigering. I tillegg er det artig å leike seg med bilder, sjå kva rart ein kan få ut av dei. Det fins mange redigeringsprogram, nokre til stiv pris og andre gratis. Eg brukar eit gratisprogram som ligg på internett, altså ikkje naudsynt å laste det ned på egen PC.

Picnik gjev deg moglegheit til enkel redigering av bilder, i tillegg til moglegheiter for å legge til rammer, tekst, figurar, lage bildecollager og slideshows og mange andre ting. Mesteparten av dette er gratis, medan noko funksjonar er kun tilgjengelege dersom du har premium-medlemskap. Men dette kostar rundt 100-lappen i året og er etter mi meining verdt kvar ei krone.
Så klikk deg inn og prøv, kanskje blir årets julekort laga her!

Kommentarer