Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2012

Kvannfjellet, 980 moh, høgaste fjelltoppen i Fræna.

Bilde
Som byråkrat har ein ikkje så mange frynsegode, MEN fleksitid og avspasering er etter mi meining det beste frynsegodet! Idag spaserte eg litt av og tok turen til Kvannfjellet før sola gikk ned. Turen opp tek ca 2 timar med rolig fart og utsikta er særdeles flott, både på veg opp og frå toppen! Var ikkje meir snø enn kva det måtte vere, vart nokre striper i skia, men ski er vel forbruksvare?!?! Kart over turen er her . Film frå turen finn du HER .

Gamle heltar i solnedgang!

Bilde
Aldeles nydeleg skitur på skaret idag, solnedgang og månelys- haulykta vart overflødig! Dei gode gamle Madshus- skia med blå såle gikk som berre det med eit tynt lag med blå-extra. Dei skia er berre utrulege, over 20 år gamle, får sjeldan glider, men glir som berre det!! Gamle heltar i solnedgang Kvardagslykke! Ikkje nødvendig med haulykt her!

Pudderføre på Snøtind, eller Stortussen som vi frå Batnfjorden kalla fjellet!

Bilde
Har hatt ein nydeleg tur til Snøtind/Stortussen idag. Starta frå Åndal og fulgte traktorveg eit stykke oppover lia. Deretter gjennom open skog på høgre side av Kvernsteinselva. Kryssa elva og sette kursen mot Tusskaret. Litt ovanfor Tusskaret var det laus snø oppå skare, så fann det lurast å ha på stegjarn og ta skia på sekken opp den siste stigninga. Stoppa på ca. 970 moh, då det berre var store steinar og lite snø opp mot toppen. Aldeles nydelig å sitta der med te-koppen og nyte utsikta mot fjella i Romsdalen og på nordmøre! Turen ned går delvis samme veg som opp. Først ned mot Tusskaret og ned mot Kvernsteinselva. MEN; nedturen fortsett på høgre side av elva, altså ikkje krysse over elva igjen (som på veg opp). Da ventar fin og open skogskjøring ned til botnen av dalen. Nede i dalen ventar det staking...og litt gåing, før ein er tilbake ved bilen. Kart over turen er her , med cirka rute.

Middagen ute i det fri!

Bilde
Idag har Eline, Aleksander, Tonje og eg teke middagen ute i det fri.  Alle mann vart utstyrt med haulykt og ski og så sette vi kursen for Øverlandsvatnet. Etter litt knall og fall på vegen dit, tente vi bål og fekk fart på primusen. Etter ei lita stund gikk pølsene ned på høgkant! Vi avslutta med å grille marsmallows, slik at sukkernivået var høgt nok før heimturen... Og alle var einige i at det hadde vore ein særs fin tur! Takk for maten!

Trikkeskinner og hockey i Katthola

Bilde
Har vore nokre nydelege dagar i Molde, og i går rakk eg både ein luffetur i Moldemarka på langrennsskia og ein hockeykamp i Katthola! Skøyteferdighetene er det så som så med, men artig var det! Meir info om Katthola finn du her.                                           Nydelig i Moldemarka                                           Hockey-gjengen foto: Svein Neerland

Fantastisk vinterhelg...

Bilde
....som eg har for det meste tilbrakt på sofaen med feber, kleenex, otrivin og urtetablettar! Men i dag var abstinensane etter frisk luft så stor at eg berre måtte kle på meg og gå ut og nyte det flotte veret. Under er nokre bilete frå denne flotte dagen i Molde.