Innlegg

Viser innlegg med etiketten Soloppgang

Nydeleg natt i naturen på Storfjellet 794 moh, Batnfjorden

Bilde
Det er bestandig kjekt å sjå tilbake på fin turar. Denne turen var eg på omtrent på same tida i fjor. Det var ein litt overskya laurdag, men vermeldinga sa at det skulle bli fint ver utover dagen. Så eg hyva meg rundt, pakka sekken og gjekk opp på Storfjellet/Rødfjellet , frå Batnfjordssida. Eg har aldri gått opp på fjellet frå den sida, bestandig frå Storlandet/Søvika , så eg fekk sjå Batnfjorden frå ein ny vinkel også. Solnedgang, måneskinn og soloppgang, eit nydeleg fargespel. Det er slik at bilete seier meir enn ord, det er ikkje nødvendig med fleire ord her!

Under open himmel på toppen av Stortuva 1030 moh, Ålvundfjorden, Sunndal

Bilde
Første veka i ferien var eg ein tur i Sunndalen og veret var nydeleg. Så eg bestemte meg for å ta ein overnattingstur på fjellet før eg sette nasen heimover. Valet fall på Stortuva ovafor Ålvundfjorden. Ruta til topps er godt merka, så det er berre å følge stien. Meir info i linken:  https://www.ut.no/tur/2.9613/ Eg var usikker på kor mange moglegheiter det var for vatn oppover, så eg fylte på når eg kom til den første seterbygninga og stien tok av til høgre. Det viste seg at det var moglegheiter oppover, men fikk jo litt ekstra tung sekk og ekstra trening!! Oppe på toppen. Då starta jakta på ein flat plass og ligge på, med utsikt og uten vind. Mange krav, men fann til slutt eit "flatt" område bak ein bergknaus kor eg la meg til! Stortuva har to toppar, 1036 moh og 1030 moh. Eg jogga bortom 1036, men slo meg til på 1030-toppen. Det er her utsikta er stor! Ålvundfjorden og Nesøya Veret var fantastisk, skjorts og t-skjorte, så eg hadde store forhåpningar til...

Panoramajakta held fram; nydeleg døgn i Romsdalen og to panoramatoppar.

Bilde
Mandag pakka eg bilen og sette snuten mot Åndalsnes og Soggemoen. Pakka sekken for overnatting og la i veg oppover mot Norafjellet. Det er godt merka sti opp dit, men den er bratt, så det vart mykje pust og pes. Dette var fort gløymt når eg kom opp på Norafjellet. For eit syn som møtte meg! Trollveggen i all sin prakt på høgre side, Romsdalshorn og Vengetindane midt i mot og Blånebba og Juratind til venstre. Det var omtrent slik at eg måtte klype meg i arma, og tenkte at nærare himmelen enn dette er det ikkje mogleg å kome! Utsikt mot Åndalsnes Utsikt oppover Romsdalen, Døntind midt i bildet. Breitind og Trollveggen Dei siste stolstrålande for kvelden. Vengetindan, Karlsgråtind og Romsdalshorn i kveldssol. Så var det å få opp teltet og ete middag. Etter kvart som kveldslyset kom vart det meir og meir spektakulært for kvart minutt som gjekk. Det rosa kveldslyset gav majestetane i kring meg eit magisk lys og eg prøvde etter beste evne å få dei fantastiske omgjevnad...