Innlegg

Viser innlegg med etiketten Imarbu

Kommunetopp, "den finaste turen i området" og hyttetur - ei kjempehelg på Nordmøre!

Bilde
I "alle år" har vi sett på Tustnastabban og tenkt at dit måtte ein kome seg ein gong. Helgaturen skulle eigentleg gå til Trollheimen og trekanten, men pga. dårlege vermeldingar valde vi heller å ta turen til ytre strøk, kor vermeldingane var mykje betre. Tustna og Aure er eit område ingen i "truppen" var særleg kjent i, så etter heftig googling og research, peika vi oss ut nokre turmål for helga, og bestemte oss for å ha basecamp på KNT-hytta Imarbu. Klar for å komme til topps i Aure kommune Første turmål var Innerbergssalen 908 moh, som er den høgaste fjelltoppen i Aure kommune. Vi la avgarde med godt mot og håp om at skodda skulle lette. Yr.no lova oss det, så vi stolte blindt på den meldinga...For å komme seg på Innerbergssalen køyrer ein til Innerberg på øya Stabblandet. Parker på ein liten parkeringsplass der vegen deler seg. Så er det berre å få på seg fjellskoa og følge vegen ein drøy km til du kjem til skilt Innerbergssalen. Stien er veldig godt merka...