Kommunetopp, "den finaste turen i området" og hyttetur - ei kjempehelg på Nordmøre!

I "alle år" har vi sett på Tustnastabban og tenkt at dit måtte ein kome seg ein gong. Helgaturen skulle eigentleg gå til Trollheimen og trekanten, men pga. dårlege vermeldingar valde vi heller å ta turen til ytre strøk, kor vermeldingane var mykje betre. Tustna og Aure er eit område ingen i "truppen" var særleg kjent i, så etter heftig googling og research, peika vi oss ut nokre turmål for helga, og bestemte oss for å ha basecamp på KNT-hytta Imarbu.

Klar for å komme til topps i Aure kommune
Første turmål var Innerbergssalen 908 moh, som er den høgaste fjelltoppen i Aure kommune. Vi la avgarde med godt mot og håp om at skodda skulle lette. Yr.no lova oss det, så vi stolte blindt på den meldinga...For å komme seg på Innerbergssalen køyrer ein til Innerberg på øya Stabblandet. Parker på ein liten parkeringsplass der vegen deler seg. Så er det berre å få på seg fjellskoa og følge vegen ein drøy km til du kjem til skilt Innerbergssalen. Stien er veldig godt merka, men er bratt og du får igang blodpumpa. Hadde det vore litt mindre skog og litt høgare skydekke, hadde det vore knallutsikt mot Halsa og delar av Tingvoll. Når vi kom opp av skogen kunne vi nyte noko av denne utsikta, men desverre så var skydekket ganske så lågt, så det såg dårleg ut med moglegeheiter for å nyte utsikta frå toppen.

Kor går stien egentlig??


Etter at du kjem opp av skogen så blir stien veldig utydeleg og vi greide ikkje å finne ein god sti, så vi heldte oss litt til venstre  og sette kursen rett mot toppen. I starten mykje blautt myr- og lyngterreng som sugde krefter, før vi kom oss opp i ura og fekk litt snillare underlag.  Etter ein del pust og pes stod vi på toppen av Aure kommune, men utan utsikt.

På toppen av Innerbergsalen
Litt av ei utsikt gitt!!

Etter ein kjapp matpause sette vi kursen ned igjen, og følgde samme rute ned som opp. Vel tilbake til bilen konstanterte vi at vi hadde vore på toppen av Aure kommune, men at det ikkje frista med gjentaking av turen med det første!!

Røsslyngen var veldig fin og skarp i farga overalt kor vi gjekk

Vi fekk helse på denne gjengen på veg heim, brydde seg ikkje mykje om opning av bildører og bildetaking!

Så sette vi kursen mot Imarbu, som ligg idyllisk til nede ved fjorden på Ertvågøya. Hytta har omtrent 30 sengeplassar og naust med båtar og fiskeutstyr til låns.

Dei herrligaste rettar vart trylla fram. Aldri har vel ein hjortebiff smaka så godt!!
Utsikta frå Imarbu
Laurdag var vi klar for ny tur, og hadde peika oss ut ein tur som vart omtala på internett som den finaste turen du kunne gå i området! Turen gikk på øya Tustna, og vi køyrde omtrent til Leira før vi parkerte ved skilt som viste til Knubben (skilt i veggrøfta. Les meir her http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Knubben).

Så følgde vi god og godt merka sti opp lia til Vettalivatnet og vidare på rygg opp til Knubben 680 moh. Her oppe kunne vi nyte ei nydeleg utsikt mot vindmøller på Smøla, Grip, Kristiansund, Stemshesten og der kor hav og himmel møttes. Det er noko eige med å gå på tur så nært havet.



Smøla
Ved Knubben



Kristiansund i sikte
Vi vandrer med freidig mot! Foto: Elisabeth Gjøra


Frå Knubben følgde vi fjellryggen sørover over eit par namlause punkt, Vakta/Leirtinden før vi kom til dagens høgaste punkt, Jørenvågsalen (Jurtinden) 857 moh. Turen frå Knubben til Jørenvågsalen er lettgått og ein må ta seg tid til å stoppe opp for å nyte utsikta både nordover, vestover og sørover.

Tilbake mot Knubben og ruta vi gjekk
YES! På toppen av Jørenvågsalen!
Vi kom opp i høgre bildekant og gjekk langs heile ryggen
Viktig å gjerra se litt te når toppen e nådd! Foto: Tonje Sæter
Fornøyd firkløver!
På veg ned, med Innerbergsalen omtrent midt i bildet. Skarven rett i mot.
Flott utsikt over Gullsteindalen og Smøla
Så glad kan ein bli på ein slik flott fjelltur i supert selskap! Foto: Tonje Sæter
After-fjelltur! Foto: Tonje Sæter
Frå toppen gikk vi den sør-austlege ryggen ned til skaret mellom Jørenvågsalen og Skarven, før vi tok stien ned til Gullsteindalen. I starten var stien ganske blaut og myrete, men etterkvart kom vi inn på traktorveg, sti og grusveg som tok oss tilbake til riksvegen. Derifrå nokre hundre meter langs vegen tilbake til bilen. Det smakte veldig godt med ei øl etter ein tur på litt over 14 km i eit nydeleg ver!!

Alle var einige om at dette var ein kjempefin tur som vi anbefaler på det sterkaste!

Bading og kos i fjørå når vi kom tilbake til hytta. Foto: Elisabeth Gjøra

























































Tusen takk for turen Line, Tonje og Elisabeth -  ei kjempehelg!!

Kommentarer