Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2017

Panoramajakta held fram; Tungremtindane 1290 moh, Riksemdalen, Sykkylven

Bilde
Betre seint enn aldri, men her kjem ein rapport frå ein rett så kjekk påsketur!! Som bestilt kom finveret til sjølve påskehelga, og det var berre å pakke bilen og sette snuten sørover. Hadde fått med Benthe og planen var å gå inn i Riksemdalen og telte og prøve oss på Tungremtindane, og kanskje litt til om vi orka. Eigentleg hadde vi tenkt å gå heilt inn til Storevatnet første dagen, men vi syntes sekkane var vel tunge når vi kom opp til Dammen (må ha med litt ekstra når ein skal på påskeferie!) og plutseleg begynte det å sludde. Det var lite fristande å bli blaut, gå mange km til og sette opp telt i møkkveret, så vi fann ut at vi like gjerne kunne campe ved Dammen. Det står ei lita hytte ved vatnet, open men omtrent uten innventar. Vi gikk inn dit for å vente på at det skulle slutte å sludde så vi kunne sette opp telt. Men tida gjekk og det var eigentleg ganske behageleg å vere inne i ei hytte, sjølv om den ikkje var varmare enn på utsida og at sittekomforten var særs dårleg. Vi

Påske, pudder, toppturar og telt i Sunndal og Nesset!

Bilde
I påska vart det supre forhold for topptur i siste halvdel, og slikt måtte utnyttast. I løpet av eit drøyt døgn i Nesset fekk eg to flotte toppturar og ei nydeleg teltovernatting! Dag ein gjekk turen til Fløtatinden. Starta tidleg og hadde faktisk fjellet for meg sjølv heilt til eg kom ned til skoggrensa igjen! Og for eit føre, pudder de luxe! Fløtatinden til venstre og Trondskjortetinden til høgre Fløtatinden - pudderføre de luxe! Litjskjorta til venstre, traversen frå Glennfjellet til Ryssdalsnebba midt i, Skrommelnebba lengst til høgre Fine fjell på rekke og rad, Breitelnebba til venstre for skia. Hadde toppen for meg sjølv! Fantastisk utsikt frå Fløtatinden Etter turen sette eg kursen mot Øverås og Eikesdalsvatnet. Eg har fleire gonger telta her, og det er like fint kvar gong! Gogsøyra Dagens turmål midt i biletet Frå Øverås med utsikt mot Røndølsskaret Hotellet for natta! Gogsøyra Kveldskos Neste morgon vakna eg til kald

Panoramajakta held fram; Trollvasstindan 1422 moh og Midtre Trollvasstindan 1384 moh

Bilde
Desse toppane var det ikkje berre enkelt å få tak i! For eit par veker sidan gjorde eg første forsøk, med start frå Pusken/Overøye i Stordal. La avgarde i sol og god temperatur, men oppdaga at det var nysnø i fjella... Frå starten på Kvitlane Trollvasstinden 1422 moh, mista litt trua når eg såg kor mykje snø det var... Spektakulært fjell 18 høgdemeter under toppen av Trollvasstindan 1422 moh måtte eg snu pga. NYSNØ! Snøen var så glatt at eg hadde problemer med å halde meg på beina, så hadde ikkje lyst til å prøve meg på det litje bratte og "ekle" partiet som er på fjellet. Det var tunge 10 km tilbake til bilen som var parkert ved Pusken. Sjelden eg har vore så sur og forbanna på ein fjelltur, så langt for ingenting! Så nært, men så fjernt.... Veka etter skulle eg ta hevn! Denne gongen starta eg frå Bøstølen i Innfjorden. Sette fart innover og opp til Ådalen, kjapp matpause og vidare opp til ryggen mot Trollvasstinden 1422. I og med at eg var der ve