Innlegg

Viser innlegg med etiketten Skardfjellenden

Panoramajakta held fram; Skardfjellet Nord 1568 moh, Trollstigen

Bilde
Etter ein dag med sprutregn, letta det utover dagen og eg bestemte meg for å tru på yr som meldte finver dagen etter. Så da var det opp til Alnesreset og parkere bobilen og vente på morgondagen. Det vart ein nydeleg kveld! Kongen og Bispen i solnedgang Morgonen etter vakna eg til blå himmel med lett slør og sol, så det var berre å pakke sekken og kome seg avgarde. Første etappe var opp til skaret mellom dei to toppane på Skardfjellenden, så vidare mot Børa i litt slakare men småkupert terreng. Da var det på tide med ein kaffekopp i sola og med storslagen utsikt til. Utsikt frå Børa Etter kaffepausen sette eg kursen vidare mot ryggen eg skulle opp, til venstre på bildet under. I nedre del var ryggen var det stor blokkstein eg måtte forsere, så det gjekk ikkje akkurat oppover i full fart. Men parti med artig klyving før eg kom opp til den første litje fortoppen.  Starten av ryggen Breitind dukka opp Etterkvart som eg kom oppover vart ...

Ekspedisjon Elveglis 2014

Bilde
Fredag var det klart for årets ekspedisjon Elveglis, denne gong i Rauma. Vi starta først med elvepadling på Istra, Romsdalens svar på Amazonas i følge reiselivsreklamen. Utruleg artig å flyte nedover elva med upåklageleg utsikt til fjella rundt dalen og på Trollstigen. Elva er ei såkalla meanderelv og svingar seg nedover. I luftlinje bevega vi oss ikkje lange biten, men faktisk distanse var mykje lengre. Vi hadde også kaffepause undervegs med servering av kjempegod gulrotkake! Etter elvepadlinga var vi klare for vinsmaking på Tuen vingård på Veblungsnes. Johan Setnes fortalde oss om Veblungsnes si historie og sin eigen vingard før han tok oss inn i fleire kjellarar. Der fekk vi smake på 12 forskjellige vinar og fekk sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. Utruleg gode vinar, som det desverre ikkje er mogleg å kjøpe pga. mattilsyn og høge avgifter. Villbringebærvin, ein av dei betre. Nydeleg gåtur heim frå vinsmakinga Ekspedisjo...