Ekspedisjon Elveglis 2014

Fredag var det klart for årets ekspedisjon Elveglis, denne gong i Rauma.
Vi starta først med elvepadling på Istra, Romsdalens svar på Amazonas i følge reiselivsreklamen. Utruleg artig å flyte nedover elva med upåklageleg utsikt til fjella rundt dalen og på Trollstigen. Elva er ei såkalla meanderelv og svingar seg nedover. I luftlinje bevega vi oss ikkje lange biten, men faktisk distanse var mykje lengre. Vi hadde også kaffepause undervegs med servering av kjempegod gulrotkake!











Etter elvepadlinga var vi klare for vinsmaking på Tuen vingård på Veblungsnes. Johan Setnes fortalde oss om Veblungsnes si historie og sin eigen vingard før han tok oss inn i fleire kjellarar. Der fekk vi smake på 12 forskjellige vinar og fekk sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. Utruleg gode vinar, som det desverre ikkje er mogleg å kjøpe pga. mattilsyn og høge avgifter.





Villbringebærvin, ein av dei betre.
Nydeleg gåtur heim frå vinsmakinga
Ekspedisjonen overnatta så klart ute i det fri, og det stod ikkje på hverken middag eller frokostserveringa!


Dag to var vi klar for fjelltur på Trollstigen, og dagens mål var Skardfjellenden 1371 moh. Med start frå toppen av Trollstigen er dette eit "lett fjell" med drøye 400 høgdemeters stigning. Skydekket låg over toppen då vi starta, og vi hadde store håp om at den skulle lette til vi kom oppver i lia. Men, desverre så låg skodda relativt grauttjukk heile vegen, men vi fekk små glimt av fjella rundt innimellom. Stien var veldig godt merka frå hovudvegen, men enkelte stader fekk vi problem med å finne neste raude punkt pga snøflekkar og tjukk skodde. Men vi hadde med sporhundar, så det var ingen problem å finne vegen! Og, panoramatopp nr. 120 i boks!

God stemning før bratta starta!
Finnan kom like plutseleg fram som dei forsvann!
På toppen, lite med utsikt gitt....


Trass i dårleg utsikt så var stemninga kjempegod!



Kommentarer