Innlegg

Viser innlegg med etiketten Måsvassbu

Panoramajakta held fram; Såta 1131 moh, Mittet.

Bilde
Idag tok eg turen til Mittet, kor eg køyrde bomvegen til Skrukkensetra så langt den gikk (50 kroner). Målet for dagen var Såta, og kanskje ryggen vidare austover mot Måsvasstind og retur om Måsvassbu. Sjå biletet under. Eg følgde merka sti til Måsvassbu opp til Måsskardet og der var det skilta i retning Såtvatnet. Fin sti heile vegen innover, så her var det berre å småspringe innover. I Såtskaret tok eg ei matpause, og det var fint å ligge i lyngen...plutseleg hadde eg sove i over ein time!! Så da var det nye krefter til siste stigninga opp til Såta. Det er ca 400 høgdemeter frå Såtskaret til toppen, og dei gjekk overraskande fort! Det er ganske bratt, så det er berre å krysse seg oppover. Utsikta vart betre og betre jo meir eg pesa, og plutseleg var eg oppe!  Tok ein lengre matpause på toppen og nytte utsikta, som desverre var litt begrensa på grunn av lågt skydekke. Ryggen eg vurderte å gå tilbake midt i biletet. Smørbotn og Kvassetind li...

Panoramajakta held fram: Nebba, 1105 mob, Mittet

Bilde
No var det på tide med ein panoramatopp igjen, og etter ein roleg morgon sette eg kursen mot Mittet. Dagens mål var Nebba, 1105 moh. Første etappe var nokre km på veg innover mot Skrukkensetra, gikk store delar av strekninga på føtn, då det var mykje bart og hard snø. Etterkvart kom eg meg på skia og ved Skrokkensetra kryssa eg elva og sette kursen oppover ryggen. Det er laaaaaaange, slaaaaake flater oppover mot siste stigning, så det vart ein dryg tur. Kom til slutt opp til siste motbakken, og ca. 350 hm etter var eg på toppen. Det var nydeleg ver i starten, men då eg nærma meg toppen kom skodda sigande innover toppen. Så desverre vart det begrensa med utsikt frå toppen... Nebba er tydelegvis ein lite besøkt topp, det var ingen som hadde skrive seg inn i boka sidan november i fjor!! Det var rett så bra føre ned igjen, iallefall i første halvdel. Etterkvart vart det sugeføre og lite føre!  Men alt i alt, ein fin, lang (17 km) tur! Panoramatopp nr. 112 i boks, eg er ov...

Seinhaust ved Måsvatnet

Bilde
Etter veldig hektiske veker på jobb vart det endeleg tid til ein tur til fjells igjen. Torsdag kveld stakk eg av avgarde og målet for kvelden var Måsvassbu. Eg køyrde til Vistdalen og tok av mot Måsvassbu, betalte bomvegavgift og køyrde til vegen stoppa. Så var det å få sekken på ryggen, montere haulykta og legge avgarde mot Måsvassbu. Etter ca 45 min kom eg fram til hytta. Sjølv om det var stupe mørkt, så var det ingen problem å finne vegen fram til hytta. Så var det å få fart på ovnen og skifte til tørre klede. Utanom sesong er det to ulike moglegheiter for overnatting på Måsvassbu. Den eine er i vaktrommet som ligg i sjølve hovudhytta, den andre i sikringsbua som ligg 50 meter aust for hovudhytta. Eg valde vaktrommet og fann meg kjapt til rette der inne. Det tok ikkje lange tida før det vart godt og varmt i hytta, og det var herrrlig å kose seg med ei øl og potetgull. Blir veldig trøtt av den fjellufta, så det vart ein tidleg kveld. Neste morgon vakna eg før fuglane, ...