Innlegg

Viser innlegg med etiketten Hjørundfjorden

Panoramajakta held fram; Ystenestinden/Slingsbys topp 1160 moh, Ytre Standal, Ørsta

Bilde
Molladalen er kjent for sine spisse og taggete toppar. Men rett utanfor dørstokken til Molladalen ligg det også nokre tøffe fjell! Frå Mohns topp ser Ystenenstinden/Slingsbys topp heilt umogleg ut. Var på Mohns i sommar og kika over dit og tenkte at den der blir av det luftige slaget! Toppen til høgre på biletet under. Eg var så heldig å få med meg Eirik Vaage på tur, lokalkjent fjellfant, så eg var i trygge hender. For å nå toppane i Molladalen går ein som regel frå Barstadvika og inn i dalen. Ystenestinden eller Slingsbys topp, kjært barn har mange namn, er det mogleg å ta frå Molldalen, men den kortaste og enklaste vegen er frå Ytre Standal. Kort og enkel ja, men det er null oppvarming og rett inn i bakken, 800 høgdemeter opp før klyvinga starta. Det er ingen sti, og for det meste krattskog, men vi gjekk langs elveleiet som kjem ned fjellsida. For det meste heilt greit å gå der, måtte berre ut i sida eit par plassar. Trøsta når det stig på er at utsikta berre blir betre og b...

Panoramajakta held fram i Trandal - var eg på toppen? Var iallefall på Trandalshatten

Bilde
Under frokosten på Trandalssetra kom og gjekk skydekket. Eg vurderte turmål, men vart ikkje heilt einig med meg sjølv. Til slutt landa eg på Saudehornet, nabotoppen til Trandalshatten. Var litt sliten etter dagen før, så det frista mest med ein tur kor eg kunne gå på sti heile vegen! Før eg var ferdig med andre kaffekopp var skodda så tjukk at det draup frå ho. Bestemte meg for å avvente litt og låg og slumra og las bok.  Etter eit par timar bestemte eg meg for å pakke sammen og prøve på tur, satsa på at eg kom over skydekket. Dagen før skodda opp til ca. 700 moh.  Det er tydeleg og delvis merka sti opp til Trandalhatten, så ingen problem å finne vegen. Starten på stien er frå ein sving i setervegen, ca. 250 moh.   Det gjekk som eg håpa, omtrent på 700 moh, skodda vart plutseleg tynn og sola kom gjennom. Like fint denne dagen som dagen før, men no såg eg tilbake på gårsdagens toppar. Molladalstindane Tok ein matpause, sola meg og nytte utsikta. T...

Panoramajakta held fram i Molladalen; Jønshornet/Ramoen 1419 moh og Mohns Topp 1340 moh

Bilde
Første veka i ferien var det skikkeleg sommarver, så då sette eg kursen mot Sunnmøre for nokre dagar med panoramajakt og teltliv. Starta på turen frå Ytre Standal, bomveg opp til ca 200 moh, til stor parkeringsplass. Frå parkeringsplassen er det raudmerka sti over til Standalshytta. Eg følgde stien opp til Haugen kor det ligg to hytter. Litt forbi hyttene deler stien seg, eg tok til høgre retning Molladalen.  Dagens må var Høgevatnet kor eg skulle overnatte. Fin kveld og fin utsikt til mellom anna Ystenestinden, Lisjedalstinden og Romedalstindane. Lisjedalstinden stod på agendaen for dagen etter. Ved Høgevatnet Tungremtindane midt i biletet, Ytre Standal nede ved fjorden Romedalstindane Litt planlegging før leggetid Vakna til ein nydeleg sommarmorgon, og det var shorts og korterma frå starten av.  Høgevatnet, skimtar så vidt teltet nede til venstre for vatnet.  Høgevatnet ligg nede i ei dump, og når eg kom meg opp av dumpa,...