Innlegg

Viser innlegg med etiketten Elveglis

Ekspedisjon Elveglis 2014

Bilde
Fredag var det klart for årets ekspedisjon Elveglis, denne gong i Rauma. Vi starta først med elvepadling på Istra, Romsdalens svar på Amazonas i følge reiselivsreklamen. Utruleg artig å flyte nedover elva med upåklageleg utsikt til fjella rundt dalen og på Trollstigen. Elva er ei såkalla meanderelv og svingar seg nedover. I luftlinje bevega vi oss ikkje lange biten, men faktisk distanse var mykje lengre. Vi hadde også kaffepause undervegs med servering av kjempegod gulrotkake! Etter elvepadlinga var vi klare for vinsmaking på Tuen vingård på Veblungsnes. Johan Setnes fortalde oss om Veblungsnes si historie og sin eigen vingard før han tok oss inn i fleire kjellarar. Der fekk vi smake på 12 forskjellige vinar og fekk sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. Utruleg gode vinar, som det desverre ikkje er mogleg å kjøpe pga. mattilsyn og høge avgifter. Villbringebærvin, ein av dei betre. Nydeleg gåtur heim frå vinsmakinga Ekspedisjo...