Innlegg

Viser innlegg med etiketten Trondskjortetinden

Panoramajakta held fram; Trondskjortetinden 1512 moh, Eresfjorden

Bilde
Etter ei veke på solsenga på Rhodos var det på tide å kome seg opp i høgda igjen. Køyrde til starten av Eikesdalsvatnet og overnatta i telt der, før eg dagen etter sette nasen opp i høgda. Det var ein nydeleg morgon! Trolsk stemning Uansett kor ein startar i frå, så er det mange høgdemeter til toppen av Trondskjortetinden. Eg starta frå Eikesdalsvatnet og gjekk langs den T-merka stien opp til Ljøsåbotn. Stien går vidare over Brandstadskaret til Øksendal. Eikesdalsvatnet og majestetar på begge sider Eg hadde bestemt meg for å gå opp ei renne på vestsida av dei to små vatna i Ljøsåbotnen. Renna var 500 høgdemeter lang...og bratt! Det låg snø i renna, så det var på med stegjern og dra seg oppover med skistavane. Ser kort ut, men.... Fløtatinden kjem fram, godt med skiføre midt i juni! Pust og pes! Fantastisk deilig å kome seg opp på flata. Så var det å følge ryggen mot toppen. Med unntak av eit lite "vanskeleg" parti, som eg omgjekk på austsi...

Panoramajakta held fram; Vestre Litjeskjorta 1480 moh, Eresfjord/Øksendalen

Bilde
Årets ferie starta eg med å jakte på Vestre Litjeskjorta mellom Øksendalen og Eresfjorden. Starta turen frå Brandstad øvst i Øksendalen og følgde T-merka sti opp til Brandstadsskaret, kor eg slo opp telt og åt middag. Legg til bildetekst Brandstadskaret Fløtatinden og Trondskjortetinde Kan ikkje klage på teltplassen! Etter middag med dessert var det godt med ein liten cowboy-strekk Plana var å prøve meg på Vestre Litjeskjorta etter ein liten middagskvil i sola. Har tidlegare vore på Litjskjorta på ski, og bestemte meg for å gå opp dit og følge rygg/egg over til neste topp. La i veg oppover, og ikkje lenge etter stod eg på toppen. Etter litt dokumentering sette eg kursen mot Vestre Litjskjorta. Følgde rygg nedover, aldri smal, men kom til eit punkt kor eg ikkje såg utgangen og kor det var litt lite med tak. Med alderen kjem alle konsekvensutgreiingane, så eg vurderte det til at det var best å snu. Det var kanskje like greit, for borti Trollveggen såg eg ...