Innlegg

Viser innlegg med etiketten rando

Vårskitur i Ljøsådalen - i januar!

Bilde
Eg måtte berre ut. Ut av Molde. Føltes som evigheiter sidan eg ikkje var på jobb eller satt inne i eiga stue. Og skia begynte å støve ned. I Rauma er det mange hytter som er ope for oss alle, mot nokre kroner for overnattinga. Inne i Ljøsådalen, start frå Skorgedalen, ligg Ljøsådalsbu. Ei relativt ny hytte, med plass til 4, vedovn og gassfyr. 150 kroner for ein enkeltperson. Køyrde til Skorgedalen, og starta ut på tur i nesten 10 plussgrader…..det er heilt feil i januar.  Såta, Svartvasstinden/Lille Blåtinden og Måsvasstinden Hadde planer om å gå opp på Gravfjellet på veg til hytta, men det måtte gå ut. Eg brukte så lang tid på å kome meg innover dalen, at det ville ha vorte mørkt før eg kom meg opp og ned. Alle bekkar var opne, store myrparti flaut over av vatn og elvene var som i snøsmeltinga på våren, braddfulle og umogleg å kome over. Den eine elva eg måtte over var kanskje 30 meter brei, men eg måtte mange høgdemeter opp og totalt ein omveg på 2,5 km for å ...

Litjskjorta 1552 moh, Øksendalen

Bilde
I april var eg og Benthe på Litjskjorta. Vi gjekk opp frå Øksendalen og kunne nyte sol og blå himmel heile dagen. Litjskjora er eit kjempefint fjell, og som regel køyrer ein ned ei anna rute enn kor ein går opp. Eg har vore der før ( sjekk her ), men for Benthe var det ein ny topp. Ei aldeles nydeleg utsikt til både Nordmøre og Romsdalen, både på tur opp og på toppen. Øksendalen Vikesoksa stikk fram Fløtatind midt i biletet Vestre Litjskjorta til venstre og Litjskjorta til høgre Litjskjorta Ryssdalsnebba til venstre Søndre Skjorta og Skjorta Sjøvdøla og Nebba i front, Trollveggen i det fjerne Vestre Litjskjorta

Søndagstur de luxe - Blånebba 1320 moh, Rauma

Bilde
I starten av mai var Benthe, Elisabeth og eg på tur til Blånebba. Knallblå himmel, sol og greit føre. Det beste med heile turen, er utsikta! Aldeles nydeleg! Vengetindan og Romsdalshorn Store og Litje Vengetind FOR ei utsikt! Frå venstre: Hornaksla, Litjehornet, Romsdalshornet, Skardfjellet, Breitinden, Trollryggen og Store Trolltind På toppen - utsikt rett mot Vengetindan. Happy skier!