Panoramajakta held fram; 5 toppar i Sandgrovbotn, Rauma/Nesset
I Sandgrovbotnen er det mange panoramatoppar. Eg var der forrige sommar, men hadde framleis 5 toppar. Det kom endeleg nokre finversdagar i midten av juli, så det var berre å pakke bilen. Første dag sette eg kursen innover Mardalsbotn, og dagens mål var fire toppar i området rundt Hauduken (innringa på kartet under). Mardalsbotnen og nokre av dagens mål i sikte Mardalsfossens øvre del Mardalsbotn Det er langdrygt innover Mardalsbotnen, men etter knappe 5 km kunne eg endeleg begynne på motbakkane opp mot toppane. Eg kryssa over botnen mellom Midtre Mardalsvatnet og Indre Haudukvatnet. Slike langdryge anmarsjar er eg lite glad i, det tek så lang tid før ein endeleg kan starte på turen. Juratind dukka opp! Morgodalstindane og Kjøvskardtinden Fjell i fjell!! Mardalsbotnen Eg sette kursen rett opp mot breen under Hauduken. I siste stigninga opp opp mot breen var det eit litt vanskeleg parti, glatt svaberg, men eg fann ein omveg og var ...