Innlegg

Viser innlegg med etiketten fottur

Panoramajakta held fram; med blytung ryggsekk, luksus og telt frå Sandgrovbotn

Bilde
Panoramajakta tek meg til mange rare stader, og nokon fjell tek det lengre tid å kome seg til enn andre. Iallefall når ein i tillegg legg opp til ein lengre rundtur med sekken full av luksusvarer ;-) I slutten av august var det knallver, og eg hadde fått med Benthe på ein 3 døgns rundtur med utgangspunkt i Sandgrovbotn. Parkerte bilen ved ei lita hytte ved vatn 1049 moh, nokre få km frå enden av vegen i Mardalsbotnen.  Sekkane var blytunge, turutstyr, klede og mat og drikke for 3 døgn fyller fort opp sekken. Trur mange hadde droppa ein del av innhaldet, men av og til skal ein dra med litt luksus og verkeleg kose seg.  Vi sette kursen inn Grønbotnen. Drygt stykke utan særleg stigning. Dalen fører rett til kanten av Romsdalen, men vi svinga mot høgre då vi kom til den opne hytta i Grønbotnen. Her var det folk, ikkje rart når reinsjakta akkurat hadde starta. Etter hytta er det kupert terreng fram til det heller nedover mot Rangåvatnet. Fint terreng så langt....

Panoramajakta held fram: Trollvasstinden sør 1422 moh, Rauma/Stordal

Bilde
Det er tre Trollvasstindar på ryggen frå Trollvasstinden 1422 til Fokhaugtinden. To av dei var eg på tidlegare i sommar, no skulle den siste til pers. Var barnevakt for Zoe og vi sette kursen mot Pusken ved Overøye i Stordal. Parkerte der kor vegen vart stengt med bom. Gjekk langs grusvegen gjennom hyttefelt fram til skilt mot Dyrdalen dukka opp.  Oppover lia var det fin sti og ganske lettgått terreng. Zoe var i storform, så det var hjelp å få oppover. Innover Dyrdalen. Månvasstinden litt til venstre i biletet Før vi starta på motbakken så var det matpause både for tofotinga og firfotinga.  Frå Dyrdalen til toppen av Trollvasstinden er det 650 hm, på ganske kort distanse. Så høgdemetra gjekk relativt kjapt. Delvis grasbakkar, laus sand og urd på turen, ingen sti. Skikkeleg sur vind, så det var ikkje mange stopp på turen opp. Oppe på toppen er det nydeleg utsikt i alle himmelretningar.  Vi nytte utsikta og låg i skjul for vinden bak ein stein for...