Panoramajakta held fram: Trollvasstinden sør 1422 moh, Rauma/Stordal

Det er tre Trollvasstindar på ryggen frå Trollvasstinden 1422 til Fokhaugtinden. To av dei var eg på tidlegare i sommar, no skulle den siste til pers. Var barnevakt for Zoe og vi sette kursen mot Pusken ved Overøye i Stordal. Parkerte der kor vegen vart stengt med bom. Gjekk langs grusvegen gjennom hyttefelt fram til skilt mot Dyrdalen dukka opp. 


Oppover lia var det fin sti og ganske lettgått terreng. Zoe var i storform, så det var hjelp å få oppover.


Innover Dyrdalen. Månvasstinden litt til venstre i biletet
Før vi starta på motbakken så var det matpause både for tofotinga og firfotinga. 


Frå Dyrdalen til toppen av Trollvasstinden er det 650 hm, på ganske kort distanse. Så høgdemetra gjekk relativt kjapt. Delvis grasbakkar, laus sand og urd på turen, ingen sti. Skikkeleg sur vind, så det var ikkje mange stopp på turen opp. Oppe på toppen er det nydeleg utsikt i alle himmelretningar. 
Vi nytte utsikta og låg i skjul for vinden bak ein stein for å ete matpakka. Retur omtrent same veg. 

Zoe på sin første panoramatopp
Utsikt mot dei to andre Trollvasstindane, der var eg tidlegare i sommar.
God stemning på toppen!
Start og stoppstad - Pusken øvst i Stordalen


Panoramatopp nr 201 i boks!



Kommentarer