Panoramajakt og gamle bekjentskap; Storgrovfjellet 1629 moh og Breitind 1797 moh, Trollstigen
I går var det ein perfekt dag for skitur på Trollstigen! Vårskiturar er noko for seg sjølv. Benthe, Elisabeth og eg la av garde frå Stigrøra med mål om to, kanskje tre toppar og skulle bruke dagen til fjells. Og, vi var ikkje åleine på fjellet!! Bispen, Kongen og Isterdalen Vel oppe i Stigbotnen sette vi kurs mot dagens første mål, Storgrovfjellet. Det steig jamt på og kroppen fikk brukt seg, men høgdemetra gjekk relativt fort unna. Halvvegs oppi fjellet tok vi ein matpause og nytte utsikta mot Stigbotthornet, kor også nokon kryssa seg oppover. Stigbotthornet Finnan og Alnestind til høgre, Slettvikane i midten og Stigbotthornet til venstre Finnan og Bispen Oppe på toppen var det eit nydeleg skue rett over til Trolltindane med alle sine spir. Å stå på toppen av eit fjell å sjå spisse fjell, grøne dalar og blått hav med sine kontrastar er rett og slett nydeleg. Utsikta frå Storgrovfjellet Etter å ha nytt utsikta og dokumentert besti...