Innlegg

Viser innlegg med etiketten Måndalen

Panoramajakta held fram; Svartevasstinden 1259 moh, Rauma/Vestnes

Bilde
Svartvasstinden har eg hatt lyst på lenge, så meldte meg på tur med Norsk Fjellfestival. Dagen kom og det var så lågt skydekke at eg følte eg stanga opp i det. Håpet var at vi skulle kome over skydekket, men det viste seg berre å vere ønsketenking. Vi var berre to stykk som hadde meldt oss på turen, så vi la i veg med guiden var, David frå Sverige. Vi starta frå Venås i Måndalen, sjå kart over ruta heilt nederst.  I starten knota vi litt med å finne stien, men etter ei lita stund kom vi inn på den og følgde den opp til Venåsdalsetra på tydeleg sti, kor stien vart meir utydeleg. Men takk for at folk framleis har sau på utmarksbeite, sau er fantastiske til å bevare stiar og tråkk! På grunn av grauttjukk skodde kom vi litt ut av kurs innerst i dalen. Vi skulle teke mot venstre og opp til Venåsdalsskaret for så å følge ryggen til topps. Men vi tok av til høgre og endte opp i sida under Prosten og kom opp på ryggen ganske langt opp. Då var skodda så tjukk av vi måtte vurdere vidare ...

Kjøsen 1135 moh, Måndalen, Rauma

Bilde
Når du vaknar av at sola skin inn soveromsvinduet, er det berre ein ting å gjere. Hopp opp, få på kaffen og pakk sekken, så første moglege ferge over fjorden. Vidare er det å bestemme seg for turmål på ferga. Idag landa eg på Kjøsen i Måndalen. Har aldri vore der før, og med tanke på alle snøskreda som har vore i det siste tok eg eit sikkert fjell. Måtte ikkje gå langt før eg kunne ta på skia, og så var det berre å tasse seg oppover i solsteika. Oppe på fortoppen på 936 moh var det så sterk vind at det var på tide å ta på jakke og hanska. Så var det berre å følge ryggen opp til topps. Det var ikkje noko mindre vind der, så det var berre å knipse nokre bilete, av med feller og på med hjelm.  Forventa IKKJE supert føre ned igjen. Det var ganske klart på tur opp at det vart snakk om blaut tung snø, sola gjorde jaggu meg jobben sin. Så det var to sure lår som fann seg ein rasteplass vel nede i skogen og ute av vinden. Etter påfyll av tørt og vått var det berre å ta siste etapp...