Innlegg

Viser innlegg med etiketten Storlihornet

Panoramajakta held fram; Rollsbottskorkja 1333 moh, Litjeskorkja 1164 moh og Storlihornet 995 moh, Tresfjorden

Bilde
I går sette eg kursen mot Tresfjorden, og på planen stod Litjeskorkja og Rollsbottskorkja, og kanskje Storlihornet. Litjeskorkja er ikkje panoramatopp, medan dei to andre er det. Eg køyrde inn i Tresfjorden og tok av mot Øvstedal, kor ein kjem til bomveg (20 kr) som tek deg opp til Dalskleiva. Vegen var ikkje tipp topp, vatn har grove ut delar og mykje stein, så ikkje ta turen med ein senka bil med symaskinmotor.. Eg stoppa i siste svingen før vegen stoppa, da var det som ein potetåker. Ruta er innteikna på kartet. Frå Dalskleiva er det fin sti opp til Kleiva. Stien er den gamle ferdselsåra mellom Tresfjorden og Stordalen. Stien er bratt men fin å gå på, og høgdemetra opp til Kleiva går fort. Kleiva er også utgangspunkt for mange andre fine turar, som til Sandfjellet (høgste fjellet i Vestnes), Kvassetind, Storbua, Månvasstind og mange fleire.  Oppe på Kleiva er det skilta til Litjeskorkja, og det er god og markert sti det meste av turen opp dit. Du følgjer den nordl...