Panoramajakta held fram; Rollsbottskorkja 1333 moh, Litjeskorkja 1164 moh og Storlihornet 995 moh, Tresfjorden

I går sette eg kursen mot Tresfjorden, og på planen stod Litjeskorkja og Rollsbottskorkja, og kanskje Storlihornet. Litjeskorkja er ikkje panoramatopp, medan dei to andre er det. Eg køyrde inn i Tresfjorden og tok av mot Øvstedal, kor ein kjem til bomveg (20 kr) som tek deg opp til Dalskleiva. Vegen var ikkje tipp topp, vatn har grove ut delar og mykje stein, så ikkje ta turen med ein senka bil med symaskinmotor.. Eg stoppa i siste svingen før vegen stoppa, da var det som ein potetåker. Ruta er innteikna på kartet.



Frå Dalskleiva er det fin sti opp til Kleiva. Stien er den gamle ferdselsåra mellom Tresfjorden og Stordalen. Stien er bratt men fin å gå på, og høgdemetra opp til Kleiva går fort. Kleiva er også utgangspunkt for mange andre fine turar, som til Sandfjellet (høgste fjellet i Vestnes), Kvassetind, Storbua, Månvasstind og mange fleire. 


Oppe på Kleiva er det skilta til Litjeskorkja, og det er god og markert sti det meste av turen opp dit. Du følgjer den nordlegaste av dei to ryggane på vestsida av Kleivavatnet. Stigninga opp gjekk kjapt, og plutseleg var eg oppe på bandet mellom Litjeskorkja og Rollsbottskorkja. Så var det berre å ta siste høgdemetra opp til toppen av Litjeskorkja, kor dei siste hundremetra er ein fin, smal egg. Oppe på toppen var det tid for å nyte utsikta og hyve innpå eit par kakskiver, før eg sette kursen vidare mot Rollsbottskorkja.


Utsikt over Dalsbotn. Sandfjellet til venstre, Storbua midt i og Storlihornet mot høgre.
Rollsbottskorkja til venstre.
Litjeskorkja til venstre og Storskorkja til høgre.
Siste innspurt!
Brudefølgjet står på ønskelista! (og to-do lista..)
På toppen av Litjeskorkja
Utsikta frå toppen av Litjeskorkja, frå venstre Overøyestolen, Rollsbottskorkja, Grytavasstinden, Lauparen og Brudefølgjet.

One down, two to go!

Nede på bandet mellom fjella er det berre å sikte seg inn på ryggen til topps på Rollsbottskorkja, og det er god og markert, delvis merka sti heilt til topps. På veg oppover og på toppen er det ei fantastisk utsikt mot Lauparen og Brudefølgjet og mange andre spenstige toppar. 



Overøyestolen til venstre.




Lauparen


Mot Grytavasstinden, Storbotnshornet, Sandegga og Heimste Skorkja.
Beere ein topp igjen!
Det var meldt sprutregn utover dagen, og det var mørke skyar på Sunnmøre, så eg sette kursen ned igjen kjapt. Då følgde eg den sørlege ryggen ned til Kleivavatnet. Her fann iallefall eg ikkje nokon god sti, så det vart litt knoting før eg var nede ved vatnet. Hadde det ikkje vore for at eg skulle på Storlihornet på same turen, så hadde eg gått ned same vegen som eg gjekk opp.


Dei einaste eg møtte på turen!

Vel nede ved Kleivavatnet var det kjapt energipåfyll før nesten 400 høgdemeter rett opp stod for tur. Pesa meg oppover fjellsida, og plutseleg stod eg ved varden på Storlihornet. Det var til og med solskinn, men det var ikkje tid til soling, for no hadde himmelen fått svartfarge lengre sør..
Stigninga opp til Storlihornet er godt igang!



Utsikt frå Storlihornet mot dagens to tidlegare toppar.
Utsikt mot Pusken i Stordal.

Med mørke skyar jagande sette eg full fart nedover, greit å gå takket vere våre gode vener sauen som har trappa gode stiar overalt. EInaste "vanskelege" punktet er ein hammar du må runde til høgre (om du kjem ovanfrå). Det er veldig ulendt og bratt, så det er berre å ta seg tid rundt. Så var det berre å få opp farta igjen ned til Kleivavatnet og ned stien til bilen.



1 min etter at eg kom ned til bilen opna himmelen seg...

Ein kjempefin tur som eg gjerne tek igjen, men då med skikkeleg kamera som eg hadde glemt. Mobilbilder blir ikkje så bra i dårlege lysforhold...

Panoramatopp nr. 131 og 132 i boks!

Kommentarer