Tour de Bobil etappe 2 - Galdhøpiggen og turen vidare til Flåm.
Første kvelden køyrde vi til Raubergstulen, som er fjellstue og camping og nest siste stopp før Galdhøpiggen. Der rigga vi oss til for natta og hadde ein betre middag. Så var det berre å gle seg til å bestige Galdhøpiggen dagen etter! Etter ei natt med pissregn var vi spente på korleis veret vart når vi skulle gå på Galdhøpiggen. Det var litt småsurt på Juvass før vi starta, men det vart berre betre og betre utover dagen, og vi fekk sol og kjempeutsikt på toppen. Frå Juvasshytta er toppen dekt av skodde. Vi var ikkje åleine... Så var vi festa i tauet og igang på breen, lang lang rekke! Oppe på ryggen etter å ha kryssa breen. Så var det å klyve i ura til topps! Snart oppe! Nydeleg utsikt frå toppen! På toppen! Dokumentering er viktig! På toppen av Norge! Så var det å gå i lang lang rekke ned igjen! Vel tilbake på Juvasshytta så var vi litt i tvil om kor vi skulle reise vidare. Vi skul...